Eg har bite meg merke i at dei seinaste dagane har leiar for Folkelista og Uavhengig valliste for Sunnmøre, Bjarne Kvalsvik, hatt fleire angrep på Sp. Dette på grunn av utviklinga på fylket om planane om Nerlandsøybrua. Det er fylkesrådmannen som har foreslått kutt, ikkje Sp, og det veit Kvalsvik. Det er Sp som har leiaren i samf.utvalet med Kristin Sørheim, og det er hennar jobb å reise saka i det utvalet. Ifølge Sunnmørsposten er det forventa at forslaget ifrå fylkesrådmannen får støtte ifrå Ap, Sp, V og Nordmørslista

Sp stemte for den siste detaljregulerings planen. Ikkje fordi vi har endra meining om traseen, men fordi det var den beste detaljreguleringa av ein trase som fekk fleirtal i kommunestyret ved første behandling. Det at Sp stemte for detaljreguleringsplanen står ved lag, med mindre vi skulle få saka i retur frå fylket. Skulle den kome i retur så må vi sjå på det med opne auge.

Eg var med å behandle denne saka då kommunestyret skulle velje trase. Eg braut med Folkelista i denne saka. Planane som låg på bordet var for meg for grandiose. Hurtigruta skulle kome til Fosnavåg, vi skulle slå på stortromma. Som ordføraren ordla seg, «Vi he yppa oss litt».

Hovudleia skulle flyttast til Vaulane, hurtigruta kunne ikkje vente på å kome til Fosnavåg. Eg har skrive fleire innlegg i Vestlandsnytt om dette, og kor lite sannsynleg dette er. Ordforrådet mitt strekk ikkje til for å kommentere dette utan å kome i skade for å fornærme dei som trur på det. Så eg lar det ligge for denne gongen.

Det har vore fleire åtvaringar om at dette kom til å verte for dyrt, noko kommunen har valt å ikkje ta alvorleg. Sist då formannskapet sette ned eit utval som skulle reise til Molde og diskutere dette, beståande av Tine Storøy (Høgre), Solveig Båtsvik (Frp) og Svein Gjelseth (Ap). Deira arbeid vart stoppa, og erklært illojalt ifrå talarstolen i komm.styret av både ordføraren og Bjarne Kvalsvik. Dette var noko vi burde tatt meir alvorleg.

Første gong vi i Herøy fekk ei åtvaring om at planane våre var på veg i feil retning var i januar 2014. Åtvaringa kom frå regiondirektør Harald Tronstad, som sa det blir for dyrt, og vil ta for lang tid.

I Juni 2017 blei det og forsøkt å få ned prisen på bruene av fylkeskommunen. Om Herøy kommune var villig til å drøfte billigare løysingar, skulle dei frigjevne midlane brukast til andre nødvendige tiltak i Herøy kommune. Så att bruene vart for dyre burde ikkje være noko nytt for politikarane i Herøy.

Det var heftige diskusjonar i kommunestyret om fleire mulege traseval. Den som vart valt var berre egna for ei bru på 30 m. Det poengterte eg då. Bjarne Kvalsvik og eg var einige om det. Han talte hardt for att brua berre måtte bli 20 meter høg. Men det som skjedde i kommunestyret den dagen greier ikkje eg forklare. Bjarne argumenterte for at brua skulle bli max 20 meter, medan i papira som vart sendt til fylket stod der minimum 20 meter. Personleg så braut eg med Folkelista og stemte for forslaget til Arbeiderpartiet. Det var det einaste fornuftige forslaget som låg på bordet. Eg var då innstilt på at brua måtte bli 20 meter høg.

Men her er ikkje båttrafikk som krev dette, og eg ser at vi må vere villige til å vurdere dette igjen. Dei største båtane som går her er storsjarkane vi har i kommunen. Dei er ca 12 meter høge. Vi må kunne dermed vurdere 15 meter høg bru. Dette vil etter det eg har høyrt gi dramatisk prisreduksjon. Ei bru på 12 meter i denne traseen blir grovt anslått til å koste 200 mill. Ei bru på 15 meter er anslått til 300 mill, medan ei bru på 20 meter blir anslått til å koste 430 mill. Ei bru på 20 meter over kommunen sin valde trase blir på 630 mill. etter siste overslag frå fylkesrådmannen.

Kystverket har sagt 20 meter, men dette baserer seg på anslag etter den trafikken som kommunen har meldt inn vil kome til Fosnavåg når hamna blir mudra.

Vi må kunne vurdere dette opp igjen. Vi sparar 200 mill ved å flytte trase. Kan vi få senke brua til 15 meter sparar vi ytterlegare 100 mill. Og hugs vi skal bygge ei like høg bru i Nordre Vaulen slik at båtane kan segle igjennom.

Eg har ikkje noko tru på at folket på Remøyholmen, Remøya eller Runde sit og håpar på ei 20 meter høg bru. Eg føler meg sikker på at 12 meter er meir enn nok for dei og, dette har eg fått klare indikasjonar på av folk som bur der. Greier vi å lande på 15 meter og flytte traseen i Søre Vaulen, kan vi ha spart fylket for totalt 400 millionar. Og det på bruer over to sund som ikkje er breiare enn at to gutar i longstøvla i fjøre sjø kan stå på kvar si side og kaste stein på kvarandre. Om høgda blir 20 meter, og vi flyttar trase i Søre Vaulen, sparer vi bare 200 mill.

Men fylket er i krise og for full fart på Robek lista. Vi har masse prosjekt vi vil at fylket skal ta tak i Herøy. Eg trur det er lite lurt å ri kjepphestar mot fylket og gi dei unødvendige utgifter.

Kva er argumentet til Bjarne Kvalsvik og tilhengarane hans no for at brua må gå i denne traseen? Det eine er at det blir kortare til Fosnavåg frå Kvalsund. Eg har målt opp desse distansane i kartet. Få søre moloen i Kvalsund der parallellbrua kjem i land, til knytepunktet til der vegane møtast, er det 840 meter. Frå inne i hamna der kommunen sin vedtekne plan startar er det 650 meter til vegane møtast. Altså ein 190 meter kortare køyre- eller gåtur. Dette prisar Bjarne Kvalsvik til 200 millionar.

Det andre ankepunktet er at ho blir brattare, og det blir ho utan tvil om ein går for 20 meter. Men lat oss spare pengar og landbruksjord og få brua ned i høgde. Får vi ned høgda blir inngrepa terrenget på begge sider mykje mindre.

Vi i Senterpartiet vill gjerne at fylket bygger følgjande, ny og utvida Herøy Vidaregåande skule, ny veg frå Leine til Voldsund, utbetring av vegen ifrå Einedalen til Skarabakken, gangfelt på Moltustranda og Sandvika, og der det manglar på Leikong og Myrvåg. Vi vil at at fylket sikrar vegen og tilkøyrslene til Stoksund skule og ikkje slusar fleire hundre bilar forbi der når ungane går av bussen og er på skuleveg når der kjem nytt byggefelt. Vi vill ha gatelys i Myrvåg, og vi vil ha lys i eksisterande gatelys i heile kommunen.

Det vi ikkje er villig til, er å blåse 200 millionar fordi nokon vil sleppe å køyre eller gå 190 meter. Dette kjem i andre rekke for oss. Og vi trur trass skremselpropagandaen til Bjarne Kvalsvik at folk på Nerlandsøya ser dette. Ankepunktet hans med stigninga er rett det, men vi kan gjere noke med det, og spare pengar på to bruer.

Bjarne Kvalsvik stiller igjen til val på fylket no i 2019. Kva trur du dine tilhengarar seier i andre kommunar når du er villig til å blåse 200 millionar for ein køyretur/gå-tur på 190 meter i di eiga kommune. Og kan du forsikre oss i Herøy at du ikkje er villig til å blåse tilsvarande 200 millionar i nokon av dei andre kommunane i fylket, slik at Fylket ikkje endar på Robeklista. Eg trur at både innbyggarane i Herøy og elles i Møre og Romsdal har interesse av å vite dette.

Hamnar vi på Robek-lista, kjem sparekniven fram for alvor. Det kan bli full kutt i utgifter. Vegane som ikkje held mål vil bli utsett, og det er ikkje usannsynleg at Herøy vidaregåande då vil forsvinne. Har vi tenkt over konsekvensane av kva som skjer om fylket mister handlingsrommet sitt?