Eg ser at det i dag er eit nytt forslag til ny Nerlandsøybru som det heller ikkje blir noko av. Det som garantert er det beste og desidert billigaste, er å fylle igjen vaulen med stein frå Igesund og Kvalsund med ei lita lavbru over djupaste vaulen. Steinfyllinga varer i tusenvis av år, og dagens betongbruer varer i maks 50 år. Når Fylkeskommunen heller ikkje har pengar, er det ikkje vanskeleg å forstå kva som må gjerast.

Tidligare har eg brukt å fortelje fylkesadministrasjonen korleis dei må spare pengar, men no er eg kome til at interessa for å spare er lik null. Men likevel trur eg dei må ta rev i segla ganske snart. Snart kjem EU med eit nytt direktiv om korleis byråkratar og politikarar må spare på folket sine offentlige kroner.