Eg er ein gamal tobisfiskar som gjekk ut på dato då eg var 63 år.

Tobistrålinga tok til i 1972 med «Kvalstein», som no heiter «Gamle Kvalstein». I 1974 kjøpte vi «Gisund», og døypte han «Kvalstein».

I denne tida fiska vi lodde og sild om vinteren, og «skitfisk» om sommaren.

Skitfisk er tobis, kolmule, augepål, - og alle andre fiskesortar, som utgjorde om lag 300 – 400 tonn i året. Denne fisken måtte vi sløye og ise i kasser ombord.

Men tilbake til tobisen: Dei som hadde største båtane, største maskinene og beste asdicane, dei fiska best. Det var mange som prøvde seg på det fisket, så når det vart dårlege tider, miste mange motet, gjekk konkurs, eller gjekk tilbake til ringnot og reketrål. Det var 18 båtar frå Herøy som dreiv dette fisket.

Frå 1970 var det Egersundbankane, Inderskjold, Vikingbanken – og ein bank vi kalla «Syndens bank». På desse stadane fiska vi, men også på Danskekysten og på Doggerbanken. Både norske, danske, færøyiske, svenske og engelske båtar fiska i norsk, dansk og engelsk sone i same periode. Alt etter kvar fisken heldt seg.

Men nedfiskinga førte til at det gjekk mange år før der kom ny fisk. Difor måtte vi flytte rundt kring heile Nordsjøen. Dette fiskeriet avtok om lag i 1990, etter hard beskatning av både fisk og yngel.

Så kom utblåsninga på Ekofisk den 22. april i 1977: Då vart det svart hav i 10 – 15 år. Der var ikkje fisk.

Det skjedde også noko på Vikingbanken. Vi fann brun sjø, men om det det kom av oljeboring eller algevekst, visste vi ikkje. Men heilt fritt vart der for både tobis og sei.

I 1998 forlengde vi «Kvalstein», sette inn ny motor på 2200 hk, fekk bygt tankar og RSV-anlegg. Vi satsa på spesiallaga notbruk. Dette gjorde vi fordi danskane fiska så godt borte ved Skottland. Vi fiska nesten heilt opp i Kaledoniakanalen og også rundt Devils hole og i Norsk sone. Det året hadde vi 11500 tonn – eller 115000 hl tobis.

I skotsk sone i Nordsjøen vart det forbode å fiske tobis, likeeins ved Island og Færøyane. Også på på felta vest av både Shetland og Skottland. Der var felt ved øya Faula og vest av Sumbourgh Head pluss ved Faire Island, North Rona og Suleskjer (Sulisker). Ved desse stadane vart alt freda, og tobisfisket vart slutt på alle felta i Scotsk sone. Fugleøyane i vest har enorme mengder av fugl, og tobisen er deira mat.

Dei siste 20 åra har det skjedd ei rivande utvikling i teknikk, økonomi og større båtar – pluss datautvikling og ny kunnskap. Så våre gamle slitarskip hadde nok ikkje klart seg i lag med dagens fiskeflåte.

Dei norske og danske fiskarane satsa på større skip til tobisfiske i norsk sone og i EU – sona. «Gitte Henning», eit dansk skip, lastar 3 – 4.000 tonn. Effektive, moderne skip tek store fangstar, men vi må vidare rekne med oppturar og nedturar for dette fiskeriet.

Far difor varsamt fram med havområda!

Konklusjonen vert difor som det gamle ordtaket: «Sel ikkje skinnet før du har skote bjørnen».