Folkeaksjonen nei til meir bompengar har nådd fleire byar, og i Bergen ser dei ut til å få ein avgjerande posisjon i haustens kommuneval. Samtidig som folket står opp og viser sin motstand mot bompengar, så er det litt artig å sjå kor mange av dei andre partia som no har endra meining om bompengar.

Fram til no så har Framstegspartiet vore åleine om å vere i mot bompengar. Noko som gjer at vi ikkje får alle dei gjennomslaga vi ynskjer. Vi har derimot klart å redusere delen av finansieringa av nye vegprosjekt som er bompengar, frå ca. 40 % til ca. 25 %. Det betyr at ein får meir veg for pengane enn før. Vi er ikkje fornøgd, men det er ein start. Grunnen til at vi betalar meir bompengar enn nokon gong handlar om bypakkane i dei store byane. Merkeleg nok har alle desse byane ein ting har til felles. At dei er styrt av Arbeidarpartiet.

No som fleire parti innser at begeret har rent over, kjem det fram fleire nye idear til å finansiere veg og bypakkar. Hadia Tajik frå AP tok til orde for vegprising i Debatten sist torsdag på NRK. Det som forundra meg meir, er at det er akkurat same løysinga som dei lokale representantane i Herøy Senterparti snakkar om. Vegprising er altså ei metode for å ta betalt for kvar ein meter ein køyrer. Dei vil sette ein GPS i kvar ein bil, og uansett kvar du køyrer, så kjem det ei rekning frå staten. Tilhengarane av denne løysinga meiner at dette er ein meir rettferdige måte å finansiere veg på. Eg og Framstegspartiet er heilt ueinig i at dette er rettferdig. Folk som av økonomiske årsaker må busetje seg litt mindre sentralt, er dei som må køyre lengst, og dermed må betale mest. Det er usosialt.

Det er berre ei løysing kor finansiering av veg blir rettferdig, og det er over statsbudsjettet. Folk i Finnmark skal ikkje betale for bypakkane i Oslo, og folk i Herøy skal ikkje betale for bypakken i Ålesund.

Karl-Oskar Sævik

Ordførarkandidat for Herøy Frp

10.-kandidat til fylkestinget for Møre og Romsdal Frp