Og eg har snak­ka med man­ge andre iv­ri­ge bru­ka­rar av om­rå­det, som også ser fram til å få den­ne tur­ve­gen. I til­legg til at vi en­de­leg skal få ein fin tur­veg opp til Ska­ret, så vil det også for­len­ge pe­ri­o­da­ne for ski­tu­rar til Sol­li­da, ved at det blir en­k­la­re å nå tak i dei fine snø­for­hol­da som ofte er frå Ska­ret og opp­over.

Eg re­gi­stre­rer at det finst dei som er imot pla­na­ne. Det­te re­spek­te­rer eg, sjølv om eg ik­kje kan for­stå det.

Det er snakk om ein 2 me­ter brei tur­veg med grus­dek­ke. Den skal følg­je ter­ren­get så godt det let seg gje­re, og det skal set­jast ut tre en­k­le ben­kar.

Den ek­sis­te­ran­de råsa er gans­ke krev­jan­de sjølv for unge folk, og den blir sta­dig både brei­are og dår­le­ga­re.

Der­som eg er så hel­dig å få leve og ha hel­sa no­kre tiår til, så vil den­ne tur­ve­gen auke sjan­sa­ne for at eg kjem meg opp på Ska­ret også som 80-år­ing.

Eg har stor til­lit til at tur­veg­grup­pa i nær di­a­log med grunn­ei­ga­ra­ne, vil ivareta både na­tu­ren og kul­tur­min­na i om­rå­det på best mog­leg måte.

Stå på!

Hal­dor Vat­tøy