Det var med stor skuffelse, og ein god porsjon frustrasjon, vi las i Vestlandsnytt 15.03.19, at fleirtalet i formannskapet er positive til reguleringsendring på Bergshaugen Nord, som gir tiltakshavar løyve til oppføring av fleire firemannsbustadar (KS) i eit bustadfelt opphavleg regulert for einebustadar (FS).

Vi som bur her oppe, vi som kjøpte tomt og bygde oss hus med den opphavlege reguleringsplanen som grunnlag, føler dette som ein «dolk i ryggen», både frå Herøy kommune og utbyggjar, og meiner den opphavlege reguleringsplanen bør respekterast og haldast oppe.

Dessverre ser den nye «trenden» til Herøy kommune ut til å vere å gi løyve til alle som vil setje opp fleirmannsbustadar. Om dei «poppar opp» midt i godt etablerte nabolag, ved rundkøyringar, på gamle fotballbaner, eller blir «klina inntil» turstiar/rekreasjonsområde (som i denne saka, rett ved Heid tursti), ser ikkje ut til å spele noko rolle. Ein får nærast inntrykk av at det har blitt litt fritt fram så lenge ein har ei ledig tomt til sals, eller sjølv vil byggje. Kan dette stemme, og om so, er det slik vi vil ha det? Er ingen trygge lenger? Her må då vere ei viss føreseielegheit for folk som tek det store skrittet det er å kjøpe tomt og byggje hus? Fordi ein grunneigar vil tene pengar, endrar han totalt type bustadfelt, utan at dei andre i feltet har noko dei skulle ha sagt. Er dette ok? Dette skjer tragisk, og ironisk nok, samstundes som Herøy kommune manglar einebustadtomter, og enkelte føler seg «tvinga» til å busette seg i nabokommunar for å få sin husdraum realisert. Er dette ein framtidsretta politikk verdig ei kommune som frontar seg med «ei båtlengd føre»? Om denne politikken og desse omreguleringane berre er til fordel for utbyggjar, så er vi i ferd med å erstatte demokratiet til fordel for kapitalismen. Skal ein verkeleg la enkeltpersonar (med tomt) sin privatøkonomi få diktere dei kommunale planane?

I tillegg til at dette er i strid med den opphavlege reguleringsplanen, meiner vi denne utbygginga av firemannsbustadar på Bergshaugen Nord, også vil øydeleggje ein del av det som høgst truleg har blitt den mest brukte turstien og rekreasjonsområde i Herøy. Vi snakkar sjølvsagt om Heid tursti. Å skulle plassere tre firemannsbustadar så nærme turstien, med den trafikken dette vil føre med seg, meiner vi er svært uheldig, og ikkje minst trist. Det vil også skape ein estetisk «støy» som bryt med den harmonien som pr. i dag råder her oppe. Her har det blitt lagt ned ufatteleg mange timar, blod, sveitte, og sikkert til og med tårer, for å skape noko som så mange nyt godt av., og det er ikkje berre den fysiske delen av trim/rekreasjon som er viktig, men også om ein maktar å slappe av mentalt. Akkurat det kan fort verte forringa ved plasseringa av tre store bygg og ein masse bilar og trafikk «vegg i vegg» med stien. Dei fleste skjøner at det blir stor forskjell på om det vert sett opp tre stk. firemannsbustader i staden for einebustadar. Kanskje vart den opphavlege reguleringsplanen forma ut slik den er, nettopp på grunnlag av kvar det er?

Vi vil be om at formannskapet/kommunestyret tek ein ny runde i denne saka, og andre liknande saker, og bestemmer seg for ein klar politikk som gir folk ein tryggleik når dei vil gjennomføre den største investeringa i livet, eller må alle i framtida førebu seg på eit liv i fleirmannsbustadar, eller bli nabo med ein, eller fleire?

Så vil vi til slutt rette fokus mot trafikken. All utbygging/fortetting vil sjølvsagt medføre ein auke i trafikk, i form av både bilar og mjuke trafikantar, og i dette høve vil det verte ein enorm auke ... på ein veg som allereie er underdimensjonert i forhold til dagens trafikale situasjon. Her er ikkje gang-/sykkelsti eller fartsdumpar. Her er delvis uoversiktlege/farlege vegparti. Her manglar skilting av 30-sone. Til tider stygg køyring med både store og mindre bilar, og etter at den flotte turstien på Heid kom, har også dette medført mykje meir trafikk (bilar, syklande og gåande). Vegen vert også dagleg nytta av mange born til og frå skulen, og vi som bur her oppe ser (for) ofte nesten-ulykker som følgje av forholda, og skal det no verte enda meir «kamp om asfalten», vil det fort kunne oppstå enda fleire uheldige/farlege situasjonar.

Det er ikkje berre Bergshaugen Nord og Heid tursti som utgjer denne trafikkauken.

Herøy kommune vedtok også nyleg ein reguleringsplan for Elsebømarka (litt lenger ned enn Bergshaugen Nord, men framleis same vegen), som åleine vil generere ca. 150 bilar ekstra pr. døgn. Dette kombinert med dei ca. 16–32 bilane for Bergshaugen Nord, samt ein auke i talet på brukarar av turstien (enkelte dagar opptil 50–100 bilar), er det også regulert eit tredje felt her oppe (KS 9), der det er lagt opp til fem tomter for frittliggjande småhus med inntil to bueiningar på kvar tomt (FS), og to tomter for konsentrert busetnad (KS, fire/seksmannsbustadar). Trafikken til og frå dette feltet vil belaste same veg med minst 70 ekstra bilar pr. dag. Totalen teiknar eit heilt anna bilete enn det ordførar Goksøyr gjer i Vestlandsnytt (15.03.19), når han/formannskapet berre fokuserer på denne eine saka og mengda bilar/trafikk det vil generere. I realiteten snakkar vi om ca. 200–300 bilar ekstra dagleg, i tillegg kjem all trafikken i samband med turstien på Heid. Totalt snakkar vi her mellom ca. 350–400 bilar ekstra pr. dag, og dette på ein skuleveg. Dette på ein veg turgåarar brukar dagleg. Dette på ein veg utan gang-/sykkelveg. Utan skilting. Utan fartsdumpar. Ein veg med delvis uoversiktlege parti. Ein ved som vil få ei stor ulempe med all tungtrafikken som vil auke i samband med utbyggingane. Gravemaskiner, store lastebilar, vareruter og varebilar, ofte (dessverre) godt over fartsgrensa. Vi er redd her vil skje ei, eller fleire ulykker, og kva då?

At Herøy kommune har sendt ut forvarsel om oppstart av reguleringsplan for gangveg har liten, ja faktisk ingen verdi, så lenge den ikkje er bygd. Her må Herøy kommune ta innover seg dei faktiske konsekvensane av sine val, løyver og reguleringar, gjere ting i rett rekkefølgje og legge til rette slik at det blir forsvarleg, rettferdig og trygt, for ALLE.

Det kjennest til tider frustrerande med eit formannskap/kommunestyre som nærast «turar fram» uansett kor mykje dei som bur i nærleiken, og vert direkte råka av vedtaka, klager.

Når de samstundes ikkje vurderer totalsituasjonen, men behandlar det som «separate saker», gir det eit veldig ukorrekt, urettferdig og ufarleg inntrykk, når det i realiteten er stikk motsett. Her burde det ikkje vere ein spade i jorda, på nokon av felta, før gang/-sykkelveg er på plass!