I Fylkestinget i desember stemde Høgre ned eit oversendingsframlegg som kunne bety mykje for FV 18 Leine-Voldsund. Nokre månar seinare er dei avbilda i lokalavisa og skal jobbe for strekninga. Det er sjeldan ein opplever at ein stemmer ned prosjekt som ein ivrar for å få gjennomført. Det skjer mest aldri når det gjeld oversendingsframlegg som dette var, ein må då ha gode forklaringar.

Tøsse fortel i siste avis, gjennom ei stemmeforklaring frå talarstolen, at «Høgre ikkje vil fremme eigne forslag i møte og heller ikkje stemme ja til andre oversendingsframlegg som var fremma, men vil vurdere desse når dei skal realitetshansamast».

Ei ynkeleg forkraring og ikkje er den rett heller. Anders Rise fremma føljande forslag: Fylkestinget løyver kr 7 mill. til investering i distriktsklinikken på Hareid. (forkorta) Charles Tøsse (H) trekte sitt forslag før votering.

Sjølvsagt hjelpte eg Rise med dette, slik han bad meg om. Forslaget fekk 29 røyster. Rise hadde og eit anna forslag som fekk 44 røyster. Så fortel karane kvifor dei stemde ned mitt forslag, og at dei ikkje ville fremje eigne forslag. Kom ikkje med slikt tøv, men hald dykk til det som er rett. Nei, ein driv sjeldan fram sakene med å stemme dei ned.

Når det gjeld forskottering, eksisterer ikkje den ordninga i dag. Vi vil få ei ny sak om dette.Kva tid, og korleis den då vil sjå ut, veit verken Tøsse eller eg. I mellomtida blir nok inga forskoteringssak vedteken. Men prøv gjerne å fortel at eg ikkje snakkar sant.

Eg kan elles nemne at Tøsse, Rise og resten av Høgre også stemde ned oversendingsframlegg om Nerlandsøybrua som lydde slik. « Nerlandsøybrua skal ferdigstillast innan vedteken tidsfrist, og med mindre ein finn ei rimeligare løysing som både fylket og kommunen vil godta, må budsjettet aukast». Det fekk 17 røyster og fall.

Tenk om vi hadde hatt eit vedtak på dette no.

Nei, dette stemde de òg ned, ja de har verkeleg grunn til å slå dykk på brystet over dei to prosjekta som de var ute og promoterte i lokalavisa. Det høyrer òg med til historia at Høgre, på fylkestinget i Fosnavåg for ei tid tilbake, var med på å ta vekk 200 mill. til same bru. Vi var ikkje særleg blide verken ordførar Goksøyr eller eg når vi sto ute på brua etter vedtaket. Hadde fleirtalet stemt annleis, hadde vi vore i ein heilt annan situasjon i høve midlar til brua i dag.

Så gled eg meg sjølvsagt over at de endå ei gong lovar å støtte prosjekt i Herøy. Eg vil elles takke for at Høgre støtta forslaget mitt i siste samferdselutval: «Når det gjeld Nerlandsøybrua, skal det takast ei endelig avgjersle i junitinget 2019, med endelig planløysing og framdriftsplan» .

Vi kunne vore komne langt lenger enn vi er i dag, men vi har måtte kjempe mot dei som ikkje fekk brua høg nok. Og nokre som reiste til Molde og velsigna nye utgreiingar om tunnel. Då går tida.

Men no har eg betre tru for at det kan verte ro kring bruløysinga lokalt, for no er Goksøyr og eg heilt på linje i høve bruløysing. Men vi er langt frå i mål. Lukke til.