Kvalsvik si historieforteljing frå fylkespolitikken er i beste fall mangelfull men også direkte feil. Derfor vil vi påpeike følgjande:

Frå budsjettmøtet i desember refererer Kvalsvik: «Forslaget lydde slik:

«FV 18 Leine – Voldsund. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gå i dialog med Herøy kommune og sjå på om delar av den verste strekninga kan utbetrast, i samband med økonomiplanarbeidet i 2019 og arbeidet med investeringsprogrammet 2019-2028». Forslaget mitt fekk berre 13 røyster og fall. Trist. Tru det eller ei, men alle i både Høgre og Arbeidarpartiet stemte imot. Det skjer om lag aldri i fylkestinget at oversendingsforslag vert stemde ned. Difor var skuffelsen ekstra stor», sitat slutt.

Kvalsvik burde ikkje vere særleg skuffa, for forklaringa fekk han frå talarstolen. Med bakgrunn i at det var ein spesiell prosess rundt økonomiplanarbeidet, førebels vedtak i desember og endeleg vedtak i april, presiserte underteikna (Tøsse) gjennom ei stemmeforklaring frå talarstolen at Høgre ikkje ville fremme eigne forslag i møtet og heller ikkje stemme ja til andre oversendingsforslag som var fremma. På samme måte vart det presisert at det ikkje betydde at vi var i mot forslaga som var fremma, men ville vurdere desse når saka skal realitetshandsamast. Vi er rimeleg trygge på at Kvalsvik fekk med seg dette, men registrerer at Kvalsvik ønskjer å etterlate eit anna inntrykk.

Vidare hevdar Kvalsvik: «Forskoteringsordninga eksister ikkje i dag, og korleis ordninga blir i framtida veit vi ikkje. 50/50-midlar er så beskjedne at det neppe er ein farbar veg. Så det er ein særs usikker taktikk Rise og Tøsse skisserer i siste avis» Sitat slutt. Dette er dessverre heilt feil. I eiga sak hausten i fjor fremma rådmann forslag om å skrinlegge forskoteringsordninga: «Fylkeskommunen avsluttar forskote- ringsordninga for fylkesvegprosjekt».

Fylkestinget gjorde eit stikk motsett vedtak: «Fylkestinget ber om at nye retningsliner for forskottering av fylkesvegprosjekt og andre byggeprosjekt blir greia ut, og at det samstundes blir vurdert ulike modellar for spleiselag for å få gjennomført fleire prosjekt».

Med andre ord så eksisterer ordninga den dag i dag, og ikkje nok med det – det skal vurderast ulike modellar for spleiselag for å få gjennomført fleire prosjekt og ikkje færre. Dette forslaget som fylkestinget samrøystes vedtok, vart først fremja som eit fellesforslag i samferdselsutvalet den 18.11. Eit fellesframlegg som Kvalsvik sjølv var med på og som naturlegvis eit samrøystes utval tilrådde vidare, og som då fylkestinget seinare samrøystes vedtok. Kvalsvik gjer med andre ord eit ganske frekt forsøk på å torpedere det handlingsrommet som faktisk er til stades og framstå som at hans eige forslag er einaste vegen fram til mål. Med andre ord – det er ikkje «Høgre som må kome på det sjølv», men det kan synes som beskrivinga betre passar på Kvalsvik sjølv.

Snart er det nytt kommune- og fylkestingsval. Nyleg hadde Møre og Romsdal Høgre fylkesårsmøte, der valprogram for den komande 4-årsperioden vart vedteke. Høgre har ambisjonar for både Herøy og Møre og Romsdal i åra som kjem. I programmet står det m.a.:

• Bygge gang- og sykkelveg ved fylkeskommunale vegar, der det er formålstenleg

• Forsterke 50/50-ordninga, som er eit spleiselag mellom kommunar og fylkeskommunen for å realisere mindre prosjekt med stor lokal betydning

• Vidareføre forskotteringsordninga, som gir kommunar mulegheit til å starte opp og gjennomføre prosjekt på fylkeskommunale vegar i eigen kommune, for seinare å få pengar tilbake frå fylket når prosjektet kjem opp på prioriteringa

• Sjå til vidare bruk av forenkla ordning for bygging av gang- og sykkelvegar. Dette gjer at ein kan få bygd meir for pengane, tilpassa lokalt behov for kvart enkelt prosjekt, etter «godt nok»-prinsippet

Desse ordningane har vi kjempa for i denne perioden og framover vil vi arbeide for å utvikle ordningane, ikkje avvikle. Med ein trong fylkeskommunal økonomi, er det desse ordningane som er viktige og som gir handlingsrom for Herøy og andre kommunar, for det som FV 18 Leine–Voldsund og tilsvarande prosjekt.

Derfor er ikkje dette «ein særs usikker taktikk» som Kvalsvik framstiller det. Derimot er det å omgå fakta slik Kvalsvik gjer, ein særdeles usikker taktikk og som i liten grad inviterer til samarbeid for å finne gode løysingar.