Fotograf Furmyr

Martin Furmyr, fødd og oppvaksen i Spjelkavika, kom til Herøy i 1948. Same året starta han fotoforretning saman med kona si, Perdy, i butikklokalet til Harald Kopperstad i Fosnavåg.

Fotograf: Martin Furmyr kom til Herøy i 1948 og starta same året fotoforretning i Fosnavåg. FOTO: GUTTORM FURMYR 

Det gode vintersildfisket i 1950-åra gjorde at folk fekk meir pengar mellom hendene, og fleire kjøpte seg fotoapparat.

Den gong då...

Martin Furmyr vart konfirmert i 1937. Då hadde han i eit års tid vore visargut på ei slaktarforretning i Spjelkavika. Deretter byrja han å arbeide på skofabrikken i bygda. Men det var fotograf han ville verte.