UKM med fylkesfestival i Ørsta

Del­ta­ka­ra­ne frå Sande og Her­øy: Des­se del­tok frå Sande (S) og Her­øy (H). Bak frå V: An­ders H. Rekdal (S), Al­fred T. Long­va (H), Alexander Ni­ko­la­ev (H), Lau­ritz H. Rem­øy (H), Mina Kval­sund (H), Vil­de U. Rem­øy (H). Fram­me frå V: Eli­na Indola (S), Atira V. Refs­nes (S), Ron­nie Sæt­re (S), Malene O. Ris­te­sund (S), Aga­the B. Ska­re (S), Alv­hild Våge (S), Elias Klep­pe (S), Sver­re Klep­pe (S), Live Sævik (H) og Ven­del Gjel­seth (H).  Foto: Susann Worren Hauge

Ung

Ventetida var endeleg over for fleire spente UKM-arar laurdag 20. november. Då var det nemleg klart for UKM Møre og Romsdal sin fylkesfestival. Årets Ungdommens kulturmønstring-arrangementet gjekk føre seg i Ørsta.

Fin­folk: Sande og Her­øy sa­mar­bei­da på tvers av kom­mu­ne­gren­sa med grup­pa Fin­folk.  Foto: Susann Worren Hauge

Dansarar, kunstnarar, artistar og meir frå alle kommunane på Søre Sunnmøre utanom Ulstein var til stades for å lage kulturfest for publikum og kvarandre.

Sver­re Klep­pe: Sands­sok­nin­gen del­tok med song.  Foto: Susann Worren Hauge

Herøy og Sande sine deltakarar representerte kommunane sine på ein flott måte, melder kulturskuleleiar i Sande, Susann Worren Hauge og seksjonsleiar for barn og unge i Herøy, Mona Grethe Ryssevik.

Mina Kval­sund Brend­mo: Jen­ta frå Her­øy song.  Foto: Mona Grethe Ryssevik

– Deltakarane fekk jobbe med mentorar og fekk gode tips før sceneframsyninga. Arrangørane fekk ansvar og oppgåver i høve til gjennomføringa av mønstringa, og kunstnarane laga til ei utstilling av kunsten sin, seier Worren Hauge.

Atira Refs­nes og Eli­na Indola: Dei to Sande-kunst­na­ra­ne vis­te fram kva dei had­de laga.  Foto: Susann Worren Hauge

– Viktigaste av alt; deltakarane vart også kjende med mange kjekke folk ifrå heile regionen, legg ho til.

Alle UKM-del­ta­ka­ra­ne et­ter fram­sy­nin­ga: Her ser vi del­ta­ka­rar frå Her­øy, Sande, Ør­sta, Volda, Van­yl­ven og Har­eid.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik