Kan bli årets ungdomsråd i Møre og Romsdal

Stas: Ungdomsrådet synest det er stas å bli nominert av ordføraren. Her ser vi Sivert Sporstøl Leine og Maria Sævik gjere seg klare for å representere Herøy under UFT. 

Ung

Herøy-ordførar Bjørn Prytz har nominert Herøy ungdomsråd til å bli årets ungdomsråd i Møre og Romsdal.

– Som ordførar er eg stolt av ungdomsrådet vårt og alt dei får til. Eg ser stor vilje i kommunestyret for å sjå dei, og minst like viktig er det at ungdomsrådet uttrykker at dei føler seg sett og høyrt i saker der dei uttaler seg. Ungdomsrådet blir også involvert tidleg i prosessar og kjem med gode innspel. Herøy ungdomsråd innfrir på alle kriterium, heiter det i ordføraren sin nominasjon.

Til årets tildeling er det nominert tre andre, Hareid-, Averøy- og Smøla ungdomsråd, i tillegg til Herøy.

Det er ungdommens fylkesting (UFT), som er samla denne helga i Ålesund, som skal avgjere kven som stikk av med heideren.