YHU med "næringslivsmesse" på loftet:

- Lærer ansvarlegheit og formidlingsevne

Standane stod på rad og rekkje langs veggane på ungdomsskuleloftet fredag, medan foreldre, besteforeldre og lærarar tok runden for å sjå og lære om lokale yrke og bedrifter.

Sjukepleiar-/sjukeheim-standen: Frå venstre: Kamilla Espeseth Sævik, Emma Gjelseth Bendal, Hermine Pettersen Lied, Aurora Remøy Aurvåg og Inga Zahl Jarnes.  Foto: Josefine Spiro

Ung

Ein diger bamse av typen "beige og loden" sit på ein stol att med det første bordet på venstre hand i det vi stig inn i det store loftsrommet på Ytre Herøy ungdomsskule. Han er kledd i ein standard sjukeheimspyjamas; kvit med nokre raude prikkar eller mønster på. Ein kanyle er festa i den eine labben, og i fjeset finn vi eit nasekateter.

– Dette er pasienten vår, Kai-Marius. Han får intravenøst inn i blodårene og oksygen inn i nasen. Han sit på eit tisselaken, for det er det heilt vanleg at pasientar bruker når dei søv på ein sjukeheim.

Kamilla Espeseth Sævik (14) løfter på labben til pasienten, viser fram posen med intravenøst og peikar på det mjuke fjeset. Sjølv har ho på seg ein blå helsepersonell-uniform, nett som dei fire andre niandeklassingane på standen ho sit ved. Jenta ved sida av, Emma Gjelseth Bendal, smiler og legg til:

– Det går fint med han, for vi er så flinke sjukepleiarar.

Har valt yrke sjølve

Niandeklassingane ved Ytre Herøy ungdomsskule er ved vegs ende i årets næringsliv-prosjektveke. Kvar gruppe – på mellom tre og seks elevar – har valt ut kvar sin lokale næringsaktør/yrke, som dei presenterer på dagens næringslivsmesse. Mange foreldre og besteforeldre teke turen innom for å sjå, i tillegg til åttande- og tiandeklassingane ved skulen.

Nokre av dei besøkande stiller spørsmål, og då er det viktig å kunne svare for seg.

– Vi har vore på sjukeheimen og intervjua nokre av dei som jobbar der, og så har vi fått låne ein del utstyr og uniformer derifrå, fortel Inga Zahl Jarnes ved sjukeheim-standen.

På bordet deira finn vi alt frå små medisinglas og sprøyter i ulike storleikar til vaksenbleier og ei rad full av urinprøvar. Dei peikar og forklarar – veit godt kva alt skal brukast til.

– Det har vore ei veldig kjekk veke, og vi har lært masse. Det er gøy å gjere noko som er heilt annleis enn det vi pleier å gjere på skulen, meiner jentene.

Og alle fem jentene har allereie bestemt seg: Dei vil bli sjukepleiarar heile gjengen.

Fotograf-stand (Voldsund foto): Aron Kleven Voldsund, Adam Emile Bøe og Nathaniel Molvik Bø.  Foto: Josefine Spiro

Fosnavåg kino-stand: Monika Liandzbergaite, Jenny Otherlia Holseker, Mimmi Edvarda Larsen og Milla Stuen Kvalsund.  Foto: Josefine Spiro

Frisør-stand: Linus Kopperstad, Erik Flusund Hansen og Sander Aasen.  Foto: Josefine Spiro

Naglelakk: Sander Aasen lakkerer naglane til David Olsen Espeseth, ei teneste gutane på "Cameloon Frisør"-bordet tilbyr alle som stoppar ved standen deira. - Vi valde Cameloon fordi både eg og Erik (også på standen) klippar oss der. Vi har lært at å vere frisør er mykje meir enn berre handfaget. Det handlar like mykje om å treffe og pårate med folk heile tida, fortel Sander.  Foto: Josefine Spiro

Skal bli klar over moglegheitene

Dei fleste av niandeklassingane på messe denne dagen har neppe bestemt seg for kva karriereveg dei vil gå heilt enno – men forhåpentlegvis er dei blitt meir klar over kva utdanningsmoglegheiter dei har. I løpet av prosjektperioden, som til saman har vart eit par veker, har dei nemleg fått mange besøk frå både lokale bedrifter og dei litt større utdanningsinstitusjonane. I tillegg har dei altså fått beskjed om å velje seg eit yrke/ei lokal bedrift – som skulle finne ut mest mogleg om – for så å kunne presentere ho på dagens stand. Med det fylgjer ein god del sjølvstendig arbeid.

– Elevane har sjølv hatt ansvar for å ta kontakt med næringslivet, fortel ein av kontaktlærarane på trinnet, Camilla Storøy, som meiner at nettopp ansvar er ein viktig lærdom elevane har fått ut av prosjektet.

Ein annan lærar, Gerd Leikanger, peikar på formidlingsevne og godt samarbeid som to andre viktige kompetansemål.

– Dessutan måtte dei vere høflege når dei snakka med bedriftene – og det var dei, det har eg sett, skryter ho.

Lærarar: Camilla Storøy, Gerd Leikanger og Nina Kvamme Slettestøl 

Bass Brothers-stand: William Kvalsund Aurvåg og Herman Stenersen valde å presentere bilstereo-forretninga på grunn av interessa for lyd og teknikk. - Og eg synest det er gøy å lære om elektronikk, seier Herman, som allereie har bestemt seg for å gå elektroilinja på vidaregåande. 

Herøy kulturskule-stand: Laila-Iren Bøe Solheim og Enya Moen Karlsen. 

Bakeri-stand: Andreas Remøy Torvik, Benjamin Ingebrigtsen Årdal og Arn-Mikal Bruås Olsen. Baksten har dei sjølvsagt stått for sjølve! 

Allsidig utval

Vi blir verande på messa ei stund. Det erfaring å sjå kva yrke elevane har valt og kor engasjerte dei er. Mange har valt noko dei har litt interesse for frå før. Der er alt frå kulturskule og kino, til reiarlag, diverse helseinstitusjonar, butikkar og treningssenter, alle med utstyr og informasjonsplakatar frå dei verkelege bedriftene. Og kven veit – kanskje vil nettopp denne kontakta med det lokale næringslivet resultere i at dei oppnår ny, kjærkome arbeidskraft frå lokale ungdommar om nokre år?

Denne gjengen presenterte Stateraklinikken på Herøy-senteret, somer eit helsetjenestetilbud innan ernæring og kostholdsrettleiintg, akupunktur, soneterapi og homeopati.   Foto: Josefine Spiro

Byggtorget Herøy-stand: Gutane vise mellom anna fram noko av det byggevarehandelen har å tiilby av varer.  Foto: Josefine Spiro

Byggmann-stand: Desse gutane var blant dei som kæyrde konkurranse: Kor mange kloassar trur du der er i den gjennomsiktige boksen?  Foto: Josefine Spiro

Ambulanse-stand: Vilde Ulstein Remøy og Mina Kvalsund Brendmo.  Foto: Josefine Spiro

YX-stand: Desse gutane køyrde ein populær konkurranse der ein kunne vinne gratis bilvask.