Herøy Mållag med arrangement på Herøy Kystmuseum:

Skrivekurs for forfattarspirar

Laurdag 28. august inviterte Herøy Mållag ungdommar frå Ytre Søre til skrivekurs på Herøy Kystmuseum. Kurshaldaren var imponert over ungdommane.

Skri­ve­kurs på Her­øy Kyst­mu­se­um: Ung­dom­ma­ne på skri­ve­kur­set i full sving. Foto: Ann He­len Kol­ås Ingebrigtsen 

Ung

På laurdag var det duka for skriveseminar i regi av Herøy Mållag. Seks ungdommar frå Herøy var samla i andre etasje på Herøy Kystmuseum, og kurshaldar var forfattar og norsklærar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen frå Valderøya.

Kolås Ingebrigtsen vart invitert av Herøy Mållag som har fått støtte til å arrangere gratis kulturverkstad for ungdom. Dei skal ha både skrivekurs og skrivekveldar i heile haust, og fokuset er at ungdom skal kunne kjenne meistring og utvikling gjennom å dele gode opplevingar knytt til lesing, skriving, lytting og formidling.

Midt i arbeidet:   Foto: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Kolås Ingebrigtsen seier ho er imponert over ungdommane.

– Eg synest dei var kjempeflinke. Ein sprudlande og fin gjeng å vere saman med. Dei var ikkje redde for å ta ordet og lese tekstane sine i plenum, og det var flott å sjå at dei turte å dele arbeidet sitt med kvarandre.

Kick off

Skrivekurset i helga var første arrangement i Nynorsk Kulturverkstad, Herøy Mållag sine arrangement for elevar frå ungdomsskulane i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid.

Skrivekurset fungerte som ein slags kick off, der forfattaren lærte bort ulike metodar for å bygge opp ein god tekst.

Kurs­hal­dar: Kurs­hal­dar: Forfattar Ann He­len Kol­ås Ingebrigtsen. Foto: Pri­vat  Foto: Foto: Pri­vat

– Vi var innom sentrale element som «show, don’t tell», tydelege hovudpersonar, spenningskurve og mykje meir, fortel forfattaren.

I kurset gir ho konkrete døme og let elevane få prøve seg fram med ulike skriveøvingar.

– Elevane sa sjølve at dei håpa å lære meir om kva som skal til for at ein tekst skal bli god. Nokon av dei ønskte å skrive betre tekstar i skulesamanheng, fortel Kolås Ingebrigtsen.

Piz­za­pau­se: Piz­za­pau­se: Her­øy Mållag står bak skri­ve­kur­set. Til lunsj fekk del­ta­ka­ra­ne piz­za.  Foto: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

I fjor gav norsklæraren ut si første ungdomsbok. Ho heiter «Sinne» og kom ut på Det Norske Samlaget. Erfaringane hennar kjem godt med når ein skal halde skrivekurs.

– Eg har vore norsklærar i vidaregåande skule i tolv år, og har alltid skrive mykje sjølv. I fjor gav eg ut min første ungdomsroman, og er langt på veg med min andre. Eg bruker mykje av eiga erfaring i kursa eg held, og opplever at kursdeltakarar set pris på å få høyre korleis det eigentleg er å vere forfattar. Det krev nok litt meir jobb og disiplin enn dei fleste har inntrykk av.

Enkle tips

Og for dei som skulle ha lyst til å prøve seg som forfattar eller skribent, har Kolås Ingebrigtsen nokre enkle råd.

Flot­te ram­mer: Flot­te ram­mer: Skri­ve­kur­set gjekk føre seg i andre eta­sje i ho­vud­hu­set ved Her­øy Kyst­mu­se­um. Foto: Ann He­len Kol­ås Ingebrigtsen  Foto: Foto: Ann He­len Kol­ås Ingebrigtsen

– Les bøker. Ein blir ein betre skrivar av å lese, og ser i tillegg korleis ei forteljing er bygd opp. Når ein lærer handverket, vil ein etter kvart oppdage at dei fleste bøker følger same oppskrifta. Ein ekstra bonus er at ein blir meir språkkyndig.