Unge herøyværingar om distriktspolitikk, miljø og eldrebølgjen:

– Vi er like viktige vi som bur utanfor byane

Har blitt verande: Filip Frøystad (23) og Ingrid Beate Smådal Hide (22) har begge valt å bli verande i sin heimekommune, Herøy. Ungdomane har snakka med Framtida om distriktspolitikk, miljø, og korleis vi kan handtere eldrebølgja. Foto: Emilie Hansen 

Eg ser føre meg at eg blir verande her ute.

Filip Frøystad
Ung

Denne saka var fyrst publisert på Framtida.no.

Filip Frøystad (23) bur i Tjørvåg i Herøy kommune. Han jobbar som resepsjonist og livreddar på Sunnmørsbadet og studerer Planlegging og administrasjon i Volda. Seinare satsar han på å jobbe med saksbehandling.

– Eg ser føre meg at eg blir verande her ute. Det er det som er draumen.

Frøystad har alltid sett føre seg å bli verande i Herøy. Han har aldri hatt noko ønskje om å forlate kommunen.

– Det er ei fin kjensle, det å kjenne på at du er her ifrå, at du har alle kompisane dine og familien din rundt deg. Og så er eg ganske heimekjær då.

Ingrid Beate Smådal Hide (22) er også ei av dei som har valt å bli att i Herøy. Ho tek eit nettstudie i idrettspsykologi og mental trening, medan ho jobbar som fotballtrenar for herrelaget til Bergsøy.

Hide har alltid sett føre seg at ho skal bu her til slutt. Akkurat no kunne ho ha tenkt seg å reise ut av kommunen litt for å sjå og oppleve andre ting, men ho ønskjer å kome tilbake til Herøy seinare.

– Eg er rett og slett berre glad i plassen, eg føler meg heime her.

22-åringen fortel at kombinasjonen av trivsel og moglegheiter ho har fått for å utvikle seg som fotballtrenar er grunnar til at ho har valt å bli verande.

Mange flyttar frå distrikta

Herøy er ein av fleire kommunar i distrikta som har negativ befolkningsvekst. I løpet av det fyrste kvartalet av 2021 hadde kommunen ein befolkningsvekst på -31 personar.

Hide trur dei mange unge vel å flytte fordi der er lite å gjere i heimkommunen, at det blir keisamt å bu der i lengda.

Frøystad tenkjer der kan vere fleire ulike grunnar til at folk flyttar ut av kommunen. Anten at folk finn seg ein partnar som er ifrå ein annan stad som ikkje vil flytte til Herøy, eller at ein føler at der ikkje er moglegheiter for ein i havgapet, eller at ein har interesser som ein ikkje kan dyrke i området.

Meir må skje

Både Frøystad og Hide legg vekt på at det må skje meir i Herøy om folk skal ville bli buande der, eller om dei som alt har flytta skal ville kome tilbake.

– Det skjer jo ikkje så mykje her, pandemi eller ei, seier Hide.

Begge etterlyser ein møteplass for dei litt eldre ungdommane. Frøystad meiner at det må bli billigare å kjøpe seg bustad, og at ein må ha tilbod om fleire fritidsaktivitetar enn det ein har i dag. Hide tenkjer at studiemoglegheiter er viktig.

– Fordi dei fleste som reiser ut no reiser jo for å studere, og så finn dei ut at det er mykje kjekkare å bu i Oslo enn i Herøy, og då fer dei, seier Hide.

Politikarane sitt ansvar

Ungdommane tenkjer det er opp til politikarane å gjere det meir attraktivt å bu i distriktet. Frøystad har sjølv engasjert seg i politikken, og har eit verv i KrF Herøy. Grunnen til at han meldte seg inn var at han følte ein trengte fleire unge i politikken.

– Der er mange eldre som har ei hand med i spelet, og styrer veldig mykje slik vi som er unge ikkje får kome med det vi har lyst å meine. Eg føler vi ikkje blir høyrde.

23-åringen trur det hadde vore fint om vi fekk fleire unge inn på Stortinget. Slik han ser det er det ikkje alltid dei eldre som veit best.

Endring må til

Ungdommane synast det er viktig å tenkje på miljø, både på kva små val ein tek sjølv i kvardagen, men også på eit større plan.

– Eg vil jo at mine framtidige ungar skal ha det godt, og barnebarna mine også, seier Hide.

22-åringen trur det hadde vore til stor hjelp for miljøet om kollektivtrafikken vart betre i distriktet. Enn så lenge for det vere byane sitt ansvar å la bilen stå, meiner ho.

Frøystad meiner det er viktig at vi satsar meir på fornybar energi.

Hide vil ikkje seie at det er hennar generasjon som vil øydelegge for komande generasjonar, men heller foreldregenerasjonen eller deira foreldre igjen, sidan dei endå ikkje har forstått alvoret. Ho meiner den yngre generasjonen faktisk gjer ein innsats no.

– Alt er eigentleg miljø, seier Frøystad.

Han meiner ein burde starte å tenkje meir på miljøet rundt seg. Om ein går, eller tek bilen, men også kva vi kastar ifrå oss og kva vi kjøper av ting.

– Eg ser at det må ei endring til for at vi ikkje skal gå under, seier Hide.

Få fleire ut i arbeid

Ei anna stor utfordring vi går i møte, er ei stadig eldre befolkning. Då det vart snakk om utfordringane knytt til eldrebølga, var ungdommane einige at noko av det viktigaste vi kan gjere er å ta i bruk dei ressursane vi har.

– Alle folk i Noreg er jo ein ressurs for landet, seier Hide.

Ho tenkjer at vi burde gjere det mogleg å arbeide også om ein har redusert arbeidskapasitet, eller er ufør.

– Det er mange som er ufør som kunne ha hatt ein jobb, men jobbane er ikkje tilgjengelege, forklarar Hide.

Ho trur der hadde vore fleire fordelar om dei som er ufør kunne ha fått jobba nokre timar i veka, både for kvar enkelt, men også for samfunnet.

Frøystad tenkjer det er viktig at vi ser på utfordringane ved eldrebølga som noko som kan løysast. Ein god stad å starte, ifølgje 23-åringen, er å senke krava for å kome seg i arbeid. Det er spesielt kravet om arbeidserfaring som burde bli lågare. Korleis kan ein skaffe seg arbeidserfaring når alle stadar krev arbeidserfaring for å få arbeid?

– Få dei yngre ut i arbeid tidlegare. I dag blir det stilt alt for høge krav for nye i arbeidslivet, seier Frøystad.

Interessekonflikt mellom by og distrikt

Frøystad og Hide har begge tenkt å stemme ved Stortingsvalet til hausten. Dei tenkjer kva syn ein har på diverse saker er ulikt mellom by og distrikt.

Frøystad trur at byane ser dei store summane dei kan tene på diverse prosjekt, til dømes utbygging av vindmøller, og ikkje utlegga dei kjem til å få.

– Sakene blir fjernare for byane, seier Frøystad.

Hide er einig i dette, både når det gjeld vindmøller, med også med kommunesamanslåinga og sentraliseringspolitikk. Ho trur at politikarane ikkje skjønar at kvar ein kjem frå handlar om identitet, og at denne forma for identitetsforståing er sterk i distrikta.

– Eg føler at det blir mest fokus på byane. Klart byane er der det er mest folk, og mest ungdom, men vi er like viktige vi som bur utanom byane også, seier Frøystad.