Herøy VGS har igjen samla inn pengar til barnelandsby i Kenya:

Takkar elevane for innsatsen

Onsdag 26. mai fekk elevrådet ved Herøy vgs. takkediplom frå NSP Aid og dagleg leiar Gunnar Hamnøy. Elevane samla i fjor haust inn over 72.000 kroner til barnelandsbyen.

Elevrådet: Elevrådet får diplom som prov på innsatsen under aksjonen i haust. F.v.: Gard Leinebø, Arjan Sakarias Dalsøren, Joakim Kraseth, Ida Langlo Driveklepp, Vinh Nguyen og Gunnar Hamnøy frå NSP Aid.  Foto: Geir Egil Eiksund

Ung

- Tusen takk for innsatsen de legg ned. Pengane mellom anna gått til å byggje huset Sunnmøre House til foreldrelause born i Malaika Villages, sør for Mombasa. No arbeider vi for å byggje opp både hus, skule, åkrar og leikplassar for foreldrelause born i slummen i Nairobi. Innsatsen dykkar betyr mykje for born som har mista alt, sa dagleg leiar Gunnar Hamnøy frå Spjelkavik-baserte North South Pertnership Aid (NSP Aid) før utdelinga av takkediplomet.

Saman med dei andre vidaregåande skulane på Sunnmøre har Herøy-elevane dei siste åra hatt innsamlingsaksjon ein dag i oktober. Konseptet har vore ein dags arbeid mot 400,- til aksjonen. Og omfanget veks år for år.

- Skulane på Sunnmøre samla i alt inn over 700.000 kroner i fjor. Det er ny rekord. Sjølv om det finnast vidaregåande skular andre stadar som gjennom mellom anna sponsorløp har samla inn over millionen åleine, så står skulane her oppe i ei særstilling gjennom å ha vore med kvart år dei siste åra. Det set vi stor pris på, heldt Hamnøy fram.

Godt å få vere med på

Og elevane set pris på å få bidra til eit viktig prosjekt.

- Det er inspirerande å sjå korleis vi gjennom å leggje ned nokre timar med arbeid ein dag, kan bidra til at born ein annan stad i verda kan få det betre. Og det er så viktig for oss unge å få kjennskap til tilhøva rundt om i verda, at mange har det vanskeleg rundt om. Det tenkjer eg dette prosjektet verkeleg er med på å gje oss kunnskap om, seier Ida Langlo Driveklepp.

Til hausten er det tredje året skulen deltek i aksjonen, og både ho og dei andre i elevrådet ser fram til å ei ny runde med innsamling.

Glade for å kunne bidra: Gard Leinebø, Ida Langlo Driveklepp og Joakim Kragseth frå elevrådet ved Herøy VGS.  Foto: Geir Egil Eiksund

- Vi var jo med i Operasjons dagsverk tidlegare, men litt av problemet der var at vi ikkje fekk særleg eigarskap til prosjekta. Det var nye fokusområde kvart år, og vanskeleg å følge opp korleis det gjekk i ettertid. Det å kunne følgje same prosjektet over tid, er med på å gje oss nettopp eigarskap, noko som igjen løftar engasjementet, seier Joakim Kragseth.

Gard Leinebø er samd. Han er viss på at dette er eit prosjekt dei skal halde fram med å støtte.

- Det er kjempegreier det her. Og det at vi før korona hadde elevar og ein lærar som drog ned for å sjå på prosjektet, og at vi får besøk av folk frå organisasjonen som i dag, er med på å synleggjere kva aksjonen faktisk handlar om. Det gjer det også lettare for oss å få med oss elevmassen i prosjektet, seier Leinebø.

Ny aksjon i oktober

Til hausten er det klart for ny aksjon, og elevrådet har særskilt ansvar for gjennomføringa. I tillegg til å skape engasjement mellom elevane, har dei også meir organisatoriske oppgåver.

- Ja, vi organiserer heile opplegget rundt. Er det elevar som slit med å finne seg arbeid, så prøver vi å hjelpe til. Men det brukar å gå bra, seier Langlo Driveklepp.

I fjor hadde skulen også planar om plast- og søppelinnsamling på vårparten for å få inn ekstra midlar. Men det prosjektet stranda på oppløpssida grunna personalmangel. Til neste år håper skulen å få til enda meir enn sjølve aksjonsdagen.


Mange sterke inntrykk for Viola og Kanutte

– Vi køyrde rett gjennom slummen den dagen vi kom dit. Det var nesten som å få eit slag i trynet. Då tenkte eg: Er det verkeleg slik?



Internasjonal Dag ved Herøy vgs.: Kenya i fokus

Kvart år arrangerer Herøy vidaregåande skule Internasjonal Dag.


Mange prosjekt

Organisasjonen bak det heile, NSP Aid har mange prosjekt gåande i Kenya og Etiopia. Hamnøy er glad for å ha dei vidaregåande skulane med.

Nøgd: Gunnar Hamnøy frå NSP Aid er takksam for bidraga frå elevane ved Herøy VGS.  Foto: Geir Egil Eiksund

- Ja, det er flott å sjå korleis dei bidreg. Herøy VGS var litt forsiktige i starten, men vi merka stor auke i engasjementet etter at vi fekk kome på besøk og fortelje, og ikkje minst etter at to elevar og ein lærar blei med til Kenya i 2019, fortel Hamnøy.

NSP Aid vart starta av folk frå næringslivet, men på gjevarsida kan ein finne alt frå privatpersonar, lag, foreiningar og meinigheiter.

- Men støtta frå dei vidaregåande skulane er særs viktig for oss. Målet vårt er å hjelpe born og unge ut av fattigdom, og det er så flott at norsk ungdom kan vere med på nettopp det.