10.-klassingar med «gründerverksemd»:

Leiger seg ut til hagearbeid

– Alle firma startar ein plass, så vi tenkte vi kunne starte noko vi og.

«Gart­na­rar»: Over­ras­kan­de man­ge har teke kon­takt med An­dre­as Schjel­de­rup (15) og Victor Grimstad (15) et­ter at dei star­ta «Fos­na­våg Hage­ser­vi­ce» for over åtte ve­ker sidan. Gu­ta­ne gjer alt frå plen­klipp til lu­king, konst­ruk­sjon av hage­bed og må­ling. Opp­dra­ga ut­fø­rer dei et­ter sku­le­tid og i hel­gar. Alle foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro 

Her er fleire som har lyst til å jobbe med oss

null
Ung

Det seier Victor Grimstad (16) som driv «Fosnavåg Hageservice» saman med kompisen Andreas Schjelderup (16).

Vi møter dei to gutane i hagen til Turid Aspheim i Vågsgata i Fosnavåg, der dei er i full sving med plenklipping. Gutane kom hit til fots for nokre minutt sidan, direkte frå Ytre Herøy ungdomsskule, der dei går i same klasse.

Det er ikkje første gong Victor og Andreas troppar opp i Turid sin hage. Sist gong hadde dei ein kjempejobb med å reinske eit stort blomsterbed for ugras.

– Det er tidkrevjande arbeid å få bed til gå frå heilt rotete til å bli akkurat sånn som dei skal vere, men det er gøy, meiner Victor.

Andreas er einig. Han har alltid likt hagearbeid og har allereie ein del erfaring med luking og plenklipping heimanfrå.

– Det er kjekt å få jobbe med fysisk arbeid, og så får vi mykje kunnskap om hagestell, seier gutane.

Nøye: An­dre­as Schjel­de­rup, her i sving med kant­klip­ping, har et­ter kvart fått mykje er­fa­ring med ha­ge­ar­beid. 

Reiv naust – fekk idé

Ideen om Fosnavåg Hageservice vart til medan gutane jobba med eit oppdrag dei hadde fått av Andreas sin far.

– Vi reiv eit naust, og så byrja vi å prate om å starte opp noko sjølve, fortel gutane.

Og sidan dei er av den sorten som ikkje nøyer seg meg prat, sette dei ideen ut i livet.

– Vi hang opp plakatar rundt omkring, og Britt Paulsen på Frivilligsentralen delte bilde av plakaten på Facebook. Det var overraskande mange som tok kontakt, fortel Victor.

Li­kar at det er tungt: Victor Grimstad ma­nøv­re­rer den tun­ge gras­klip­pa­ren utan prob­lem. Det er in­gen sjølv­føl­gje på den skrå­nan­de ple­nen. 

– Fleire vil jobbe med oss

Verksemda skjer på hobbybasis, men om vert stor etterspurnad, ser ikkje gutane vekk ifrå at dei kan utvide litt. Kanskje kan dei «hjelpe» andre ungdommar med sommarjobb?

– Her er fleire som har lyst til å jobbe med oss, men då må vi ha meir arbeid, seier Victor.

Har annan sommarjobb i tillegg

På spørsmål om gutane har tenkt til å ta på seg fleire oppdrag på dagtid i sommarferien, svarer begge at dei allereie har kvar sin sommarjobb; Victor på MMC, og Andreas ...

– Eg driv Herøy Fishing saman med ein kompis.

Dei ser likevel føre seg at dei kan ta på seg hageoppdrag ved sidan av sommarjobbane sine. Det set nok Turid Aspheim pris på.

– Det er kjekt å ha dei her, dei er så flinke gutar, smiler ho.

For­nøgd kun­de: Tu­rid Asp­heim er glad og takk­sam for at Fos­na­våg Hage­ser­vi­ce tek seg av ha­ge­stel­let for henne.