Bokmelding:

Kronprins på kroken

9. klasse ved Stokksund barne- og ungdomsskule har skrive bokmeldingar i samband med Uprisen. Astri Celine Berge har skrive denne meldinga om boka "Arvingen" av Anne G. Halvorsen og Randi Fuglehaug.

Bokomslag: Arvingen (Halve kongeriket)  Foto: Aschehaug

  • Tittel: Arvingen
  • Forfattarar: Anne G. Halvorsen & Randi Fuglehaug
Ung

I denne boka møter vi 17 år gamle Lena, som flyttar frå Horten til Oslo med familien. Ho byrjar på ein ny skule, og finn snart ut at dei kongelege tvillingane går i klassen hennar. Med tida forelskar Lena og kronprins Karl Johan a.k.a. Kalle seg i kvarandre. Men no er Lena meir redd enn nokon gong for at Kalle skal finne ut av løyndommen hennar. Kvifor trekkjer ho seg tilbake så ofte, og kvifor flytta ho til Oslo i utgangspunktet? Berre ein måte å finne det ut på, les boka!

Boka er forståeleg og vi får eit innblikk i det å vere forelska og redd, og tenkje at alt som skjer er din eigen feil. Innhaldet er heilt utruleg frå start til slutt, sjølv om starten kan verke litt treig. Det er den fyrste boka i bokserien «Halve Kongeriket». Spenninga fyk til vers etter kvart som vi høyrer om denne løyndommen. Du vil bli overraska, tru du meg.

Arvingen minnar meg litt om meg sjølv. Lena er ein person som klandrar seg sjølv for alt og sperrar seg inne på grunn av det. Eg trur at det er mange som kan kjenne seg att i dette. Den kjensla som trykkjer oss ned, før vi brått kjem opp att.

Lesestoffet er spennande og dreg deg raskt inn med det enkle språket sitt. Humoren treff, og det er ei koseleg bok, men eg vil ikkje anbefale den til folk som ikkje taklar å lese om tenåringar og seksualitet. Eg vil gi denne terningkast 5.