Bokmelding:

Ikkje Aleksander den store

9. klasse ved Stokksund barne- og ungdomsskule har skrive bokmeldingar i samband med Uprisen. Marcela Palacios Moltu har skrive denne meldinga om boka "Aleksander den store" av Peter F. Strassegger.

Bokomslag: "Aleksander den store" av Peter F. Strassegger.  Foto: Samlaget

Fakta
  • Fakta
  • Tittel: «Aleksander den store»
  • Forfattar: Peter F. Strassegger
Ung

«Aleksander den store» handlar om ein gut på 15 år som heiter Alekander. Ein dag hamnar Aleksander i ein slåsskamp med skulen sin bølle, der ting går dårleg. Slåsskampen er ein av grunnane til at han og familien flyttar til Noreg, heimlandet til mora. Han er i eit nytt land med andre kulturar, oppførsel og reglar, som han må lære å tilpasse seg, men det er ikkje så lett å lære å tilpasse seg når den nye skulen sin bølle bestemmer seg for å plage deg.

Då eg fekk høyre om kva boka handla om, syntest eg ho verka spennande og kanskje lærerik, men eg kan ikkje seie det same etter å ha lese den. Boka er frå Alekander sitt synspunkt, og er skriven i førsteperson.

Aleksander er ein komplisert person med nokre indre demonar som han prøver å handtere. Han er valdeleg, men prøver å ikkje vere det, sjølv om han har nokre få psykopatiske tendensar. I boka kan du lese – og forstå – kjenslene hans, og at han strevar. Eg synest at karakteren Alekander var OK skriven. Iallfall gjennom Aleksander sitt synspunkt, men når det kom til å snakke med andre karakterar, eller handlingane, så var det ikkje så bra skildra. Mange samtalar mellom karakterane verka berre umenneskelege. Ein person ville aldri ha snakka på den måten eller brukt dei orda. Samtalane verka tvinga fram. Det var vanskelig å leve seg inn i det.

Sidekarakterane var enten kjedelige, forvirrende eller rare, men ikkje på ein bra måte. Boka prøvar å ha ei djup meining, som eg forstår, men ikkje synst heilt treff.

Boka var rask, men sakte samtidig, og veldig forvirrande. Slutten var, heilt ærleg, ikkje så bra. Eg meinar at det ikkje er noko å lære av denne boka, sidan hovudkarakteren eigentleg ikkje lærte noko. Viss ein person går gjennom noko liknande som Aleksander går gjennom, så er det betre bøker å lese. Eg gir denne boka 2 av 6.