Bokmelding:

Ein allemanns-draum

9. klasse ved Stokksund barne- og ungdomsskule har skrive bokmeldingar i samband med Uprisen. Alexander L Hestad har skrive denne meldinga om boka "Alene gjennom" av Michael Stilson.

Bokomslag: "Alene gjennom" av Michael Stilson.  Foto: Cappelen Damm

Fakta
  • Fakta
  • Tittel: «Alene gjennom» Forfattar: Michael Stilson
Ung

Boka handlar om ein som heiter Fredrik. Fredrik har ein draum om å leve av fotball. Han er litt forelska i ein person som heiter Line. Dei har vore gode vennar i fleire år, men då ho starta å bli meir populær, so blei Fredrik skubba litt og litt lengre vekk.

Fredrik får tilbodet om å spele på Hertha som 17-åring, som er ein klubb i Bundeslega, som er høgste divisjon i Tyskland, og får ein litt tøff start.

Då han kjem til Tyskland, føler han på det å vere einsam, etterfulgt av å ha dårleg kontakt med mora, faren og vennar. Han startar fyrste kamp og gjer ikkje berre ein liten feil, men ein stor og nokre få små feil.

Boka kan vere vanskeleg å legge frå seg for der er så masse indre spenning, sjølv om boka er litt treig dei fyrste 50-80 sidene. Boka kan vere veldig sannsynleg viss ein blir proff. Eg synest boka passar for fotballinteresserte frå 13+ år, fordi den er litt vanskeleg å forstå for yngre. Der er i tillegg alkohol, horer, det har også litt å seie.

Slutten var ikkje so veldig uventa, men eg såg ikkje den kome på den måten. Eg vel å gi boka terningkast 6, fordi Fredrik lever livet mange (inkludert meg) drøymer om, det som er å leve på fotballen.