Bokmelding:

Det harde liv som fotballproff

9. klasse ved Stokksund barne- og ungdomsskule har skrive bokmeldingar i samband med Uprisen. Kristian A. Hanssen har skrive denne meldinga om boka "Alene gjennom" av Michael Stilson.

Bokomslag: "Alene gjennom" av Michael Stilson.  Foto: Cappelen Damm

Ung

Alene Gjennom er ei bok som handlar om fotballkarrieren til ein 17 år gamal gut som heiter Fredrik Markussen. Fredrik prøver å komme seg vidare og vekk fra Mjøndalen. Faren hans får fiksa ei stor kontrakt, men vil ikkje seie korleis. Det oppstår ein del problem og Fredrik er jo tross alt berre 17 år, så han veit ikkje kva han skal gjere vidare. "Alene gjennom" er oppfølgeren til Bare spille ball (2018).

Boka handlar blant anna om fotball, ensomheit og usikkerheit. Boka startar sterkt og vekkjer tidlig interesse fordi du vil få med deg det som skjer vidare. Den har i tillegg ei veldig god flyt og held hovudet godt fast inne i Fredrik si verd. Det er ganske lett å sette seg inn i situasjonen til Fredrik om du kjenner til fotballmiljøet godt frå før. Men den kan også vere interessant for folk som ikkje liker fotball i det heile tatt, fordi boka inneheld fleire faktorar enn berre fotball. Boka har fleire uventa hendingar, og det gjer at du alltid sit og funderar på kva som skjer vidare. Dette er definitivt ei bok som dei fleste kan lese, nokre får kanskje eit nytt syn på fotballen og det er litt av det som gjer boka spesiell. Eg synest boka var spennande frå start til slutt, var godt skriven og hadde eit språk som var lett å forstå. Det mangla kanskje litt personskildringar, men boka henta seg inn igjen med all spenninga.

Michael Stilson har utvilsomt fortent sin nominasjon til Uprisen i år også. Alene Gjennom ga meg generelt ei veldig god lesaroppleving, eg gler meg allereie til å lese neste bok. Eg vil anbefale boka for alle mellom 12-16 år, uansett om du er fotballinteressert eller ikkje.

Terningkast 6/6