17. mai-feiring på Møre barne-og ungdomsskule

I eit spesielt koronaår der ein ikkje får feire 17. mai på vanleg vis, laga vi vår eiga feiring på Møre barne-og ungdomsskule.

Elevane på Møre barne- og ungdomsskule laga sin eigen alternative 17. mai-feiring på skulen onsdag.   Foto: Malene F. Remøy

Ung

Siste skuledagen før langhelga var vi klar til feiring. Elevane rydda skuleplassen vår so fin. Vi pynta skulen med bjørk og flagg, og so var vi klare til å feire i kohortane våre.

  Foto: Malene F. Remøy

  Foto: Malene F. Remøy

  Foto: Malene F. Remøy

Ein bærbar høgtaler med korpsmusikk på full styrke, gjorde susen som korps når 1. - 4. klasse gjekk i tog rundt skulen. Vi hadde laga våre eigne flagg og elevane sang og ropte hurra. Etterpå var det klart til pølse med brød og leikar. Vi hadde mange ulike leikar; potetløp, ringspel, sekkeløp, kaste ertepose på boks, hoppe tau, gå på stylter og spikre planker. Elevane var ivrige og kosa seg med dei ulike leikane. Is høyrer med på 17.mai feiring, so til slutt kosa vi oss med is.

  Foto: Malene F. Remøy

  Foto: Malene F. Remøy

  Foto: Malene F. Remøy

  Foto: Malene F. Remøy

Dette vart eit fint og spesielt minne å ha med seg frå eit uvanleg år.