Mina Kvalsund Brendmo (14) vann målpris etter framifrå bruk av eiga dialekt:

- Eg når publikum lettare

Mina Kvalsund Brendmo blei heilt sjokkert då Herøy mållag onsdag trappa opp på Ytre Herøy ungdomsskule for å gi ho årets målpris for ungdom.

Prisutdeling: Herøy Mållag møtte opp på Ytre Herøy ungdomsskule for å dele ut målpris til Mina Kvalsund Brendmo (til høgre). Det var Sæmund Helde og Anja Hovden som stod for prisutrdelinga på vegner av mållaget.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ung

Det var Sæmund Helde og Anja Hovden på vegner av mållaget som stod for overraskinga. Mina viste elles ingenting om tildelinga då ho og klassa, i starten av ein kunst- og handverkstime, vart invitert ut i skulegarden. Her stod Helde klar og fortalde om den årlege utdelinga av Målprisen for ungdom i Herøy.

– Vi deler ut prisen til ein ungdom som nyttar nynorsk og som er eit godt førebilete for andre ungdomar og nynorskbrukarar. Det er med stor glede vi gjev Målprisen 2021 til Mina Kvalsund Brendmo for sin innsats med å nytte nynorsk, kunngjorde Helde til applaus frå elevane.

Sæmund grunngav tildelinga med at Mina under årets UKM hadde sunge låten «Bestevenn» av Odd Nordstoga på si eiga dialekt – i eit kulturarrangement som elles er dominert av engelsk.

– I kulturskulen har ho også utmerka seg med dette, skrytte han og overrekte diplomet til ein forbausa og takksam 14-åring.

Overraska: Mina vart svært overraska då dei las opp namnet hennar. Her ser de reaksjonen.   Foto: Bjørnar T. Sævik



Glad for å kunne vere ein språk-ambassadør

Etter å ha fått samla seg litt kunne Kvalsund Brendmo stadfeste at prisen kom som ei stor overrasking.

– Eg trudde det var ei anna i klassa som skulle få den, så eg blei skikkeleg forbausa då dei sa namnet mitt.

Ho er veldig glad og stolt over prisen. For ho gir det ein motivasjon til å bli ein endå sterkare ambassadør for dialekt og nynorsk.

– Eg har det frå bestemor, Norunn Kvalsund. Ho har alltid oppmoda meg om å vere stolt av eige språk og dialekt, seier Mina til Vestlandsnytt.

Brukar dialekta som eit verkemiddel for å lettare nå publikum

Om bruken av dialekt til songformidling er Mina bevist. Med forbilde som Eva Weel Skram ser ho dialekt og eige språk som eit sterkt formidlingsverktøy.

– Eg er ikkje så flink i engelsk. Når eg syng på norsk forstår eg derimot meir av kva det er eg formidlar. Kjensler og bodskap når lettare publikum når eg brukar mitt eige morsmål, forklarar Brendmo Kvalsund.

Du vil med andre ord halde fram med å bruke nynorsken og dialekta di når du syng?

– Ja, heilt klart, konstaterer Mina.