UKM-apparatet i Herøy inviterte ungdomskuleelevar til teikneseriekurs med kjend teikneserieskapar:

– Teikning er ein god måte å uttrykke seg sjølv på

Korleis kan ein skape ein god teikneseriefigur? Dette fekk teikneinteresserte ungdomsskuleelevar i Herøy eit innblikk i då dei denne veka fekk delta på ein workshop i regi av UKM.

Daniel Thuethong (13): Daniel var ein av ungdomane som fekk delta på teikneserie-kurset. Han har teikning som ein hobby og seier han har mange idear han ynskjer å få ned på papiret. Han finn drivkraft i å sjå eigen progresjon i handverket og trur han kjem til å finne mykje glede i hobbyen også framover. 

Ung

– Det viktigaste når ein skal skape ein teikneseriefigur er å stille spørsmål ved kven figuren dykkar er. Kva er personlegdommen til figuren? Kva elskar eller hatar han? Korleis ser han ut? Kva mål har karakteren dykkar?

Ein tydleg engasjert føredragshaldar listar opp ei rekkje spørsmål som han ber dei frammøtte tenke på. Det er teikneserieskapar og illustratør, Geir Moen, som har teke på seg lærarrolla for teikneinteresserte ungdomsskuleelevar frå Herøy. I regi av UKM-Møre og Romsdal har UKM-koordinator Mona Grethe Ryssevik samla 10 ungdomar til arbeidsverkstad og inspirasjonsstund i lokala til fritidsklubben i Herøy.

Moen, som har illustrert kjende norske storfilmar som «Knerten» og gitt ut teikneserie- roman-tolkingar av Ibsens «Peer Gynt», traskar rundt i lokalet. Han kikar nysgjerrig over skuldrene til ungdomane og følgjer opp med rosande ord om fantasien deira i det dei rablar ned idear og figurar på papiret.

– Men, ver så snill! Ikkje visk, berre la fantasien strøyme, minner han om.

– Det handlar om å skape ei historie, ikkje teikne fint. Historia er det viktigaste, dei fine teikningane kjem etter kvart, smiler han.

Geir Moen: Teikneserieskaparen og illustratøren er best kjend for sine skildringar av Henrik Ibsen, både i form av ein teikneserieversjon av Peer Gynt og Ibsen som actionhelt i Øystein Runde sin «steampunk»-serie De fire store.  Foto: Arjan Dalsøren

– Wow, du er heilt rå! Det sa Geir Moen då han såg denne teikninga som Gabija Stumbryte jobba med. Vi kan ikkje anna enn å seie oss samde i det.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Utviklingskurva er bratt

Medan ungdomane jobbar, får vi nokre ord med Moen om opplegget. Han synest det er bra at ein får samle folk med samanfallande interesser under eit og same tak.

– Då eg deltok i UKM i min ungdom var det ein fin arena å møte folk med same interesse. Samstundes blei det eit fora der eg verkeleg kunne vise fram det eg hadde laga og få gode tilbakemeldingar. Det er viktig! Eg håper denne samlinga kan fungere like inspirerande for dei, forklarar Moen.

Han synest det er stas å bli spurt om å vere mentor for Herøy-ungdomen og har tilbode seg å gi tilbakemeldingar på det deltakarane produserer framover.

– Kor lang tid tok det for deg å bli god til å teikne?

Eg føler ikkje eg er god til det endå. Utviklingskurva er bratt når det kjem til teikning. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at du prøver, og viser fram det du lagar til folk. Denne gjengen her er allereie veldig flinke, skryt Moen.

Teiknekurs: Her ser vi ungdomane samla i fritidsklubben sine lokale på Herøy kulturhus.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

I regi av UKM: Kurset skjedde i regi av UKM-systemet og samla deltakarar frå hovudsakleg ungdomsskuletrinna.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Gir fantasien fysisk form

Moen er tilbake på runda si med å gi tilbakemelding på teikningane til ungdomane. Blant dei som sit fordjupa i tankar, medan dei let blyantane danse over A4-arka, møter vi Daniel Thuethong (13) og Astri Celine Berge (15) – to som er ivrige etter å lære meir av Moen.

– Eg har eigentleg teikna mest i samband med undervisninga på skulen, som til dømes perspektivteikning. Det har inspirert meg til å prøve litt på eiga hand. Eg har lært masse nytt i dag, seier Berge då vi spør om korleis det er å delta på kurset.

Astri Celine Berge: 15 år gamle Astri Celine Berge synest teikning er ein fin måte å uttrykke seg sjølv på. – Det gjer fantasien til noko handfast.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Daniel har på si side teikning som ein hobby, sjølv om han endå ikkje har noko klart mål for kva han vil gjere med sine teikneevner.

– Eg ville vere med på dette for å lære meg korleis eg kan uttrykkje alle dei forskjellige ideane eg har. Det er kjekt å teikne fordi det stadig gir meg ei kjensle av progresjon, seier Thuethong.

– Teikning er ein god måte å uttrykke seg sjølv på. Den gjer fantasien til noko handfast, følgjer Berge opp.

Kjekt å sjå

Som stille, for å ikkje nemne imponerte observatørar under teikneverkstaden, var Mona Grethe Ryssevik og Ingvill Beate Sævik Bjørneset til stades som representantar for fritidsklubben og UKM lokalt.

– Det er kjekt at vi trass pandemien kan få til slike fora for ungdom å uttrykke seg i. Og det ser ut til å fungere bra. Eg blir skikkeleg stolt når eg ser kor flinke ungdomen er, konkluderer Mona Grethe Ryssevik.


Kjekt! Ingvill Beate Sævik Bjørneset og Mona Grethe Ryssevik blei imponerte over teikneferdigheitene til ungdomen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik