UFO og Metizport med e-sport-vinterferie på kulturhuset:

– Kjekt å sjå at det spirer i Herøy

Med det grommaste av det gromme av PC-utstyr frå Tussaligaen inviterte UFO i samarbeid med Metizport til fire dagar med gaming på Herøy kulturhus i vinterferien.

Rettleiing: Eirik Kvalsund Myrseth (13) får rettleiing frå Arjan Dalsøren, dagleg leiar i den lokale e-sport-klubben Metizport. Arjan seier dei gjerne arrangerer fleire slike arrangement då det er med på å legge eit viktig grunnlag for det breiddetilbodet dei ønskjer å skape.  

Ung

– Det handlar primært om å skape aktivitetar for dei unge. Samstundes gir dette oss moglegheit til vise fram både UFO og Metizport for våre målgrupper.


– Gler oss til å glede dei

UFO-satsinga i Herøy og Tysdagsklubben PU kan i år glede seg over ei julegåve frå Herøy-damene bak antimobbeorganisasjonen «Bli ein kvardagshelt».


Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren spankulerer rundt og observerer dei ti ungdomane som sit rundt bordet i eit svakt belyst fritidsklubb-lokale på Herøy kulturhus. Alle er djupt konsentrerte og blikka er festa til det som utspelar seg på PC-skjermane. Dei konkurrerer mot kvarandre i forskjellige dataspel.

Måndag til torsdag: Maskinparken til Tussaligaen fekk verkeleg køyrt seg ettersom ungdomen strøyma til frå måndag til torsdag.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Gladnyheit om UFO-satsinga i Herøy:

Opnar allereie på måndag

– No hoppar vi over alle hinder og berre køyrer på! Eg ser ikkje nokon problem før dei kjem, om dei kjem i det heile tatt.


– Bra greier

Den daglege leiaren for den lokale e-sport-klubben Metizport er ein av initiativtakarane bak arrangementet, saman med den flinke gjengen bak ungdomsfritidsordninga på Herøy kulturhus, eller UFO som det heiter.

– Vi har hatt innom masse ungdom og dei ser ut til å ha det kjekt. Då er vår jobb langt på veg gjort, held Dalsøren fram.

Det kan 13 år gamle Eirik Kvalsund Myrseth stadfeste, ein av dei ivrige spel-entusiastane som har tatt turen for å delta på opplegget.

– Dette er bra greier, seier han kort før blikket raskt fell tilbake på skjermen. Skal han klare å konkurrere mot gjengen rundt han, tel kvart sekund.

Ira Sarucco Ulvan og Melissa Nerland Paulsen: Klubbmedarbeidar Ira og prosjektleiar for UFO Melissa synest det var stas at mange ungdom tok turen denne vinterferien. Dei måtte halde ope to dagar meir enn planlagt på grunn av populariteten.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Herøy kåra til årets ungdomskommune

På Ungdommens fylkesting (UFT) i Kristiansund fredag vart Herøy utropt til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.


– Alltid på jakt etter talent

Frå måndag til torsdag i vinterferien har dei hatt ungdomar på besøk i lokala til Fritidsklubben. Her har dei fått prøve seg på konkurranseretta e-sport på skikkeleg utstyr frå Tussa og med profesjonell rettleiing.

– Det er kjekt å sjå at det spirar på e-sportsfronten. Her har vi mange talent som etter kvart sikkert vil kunne hevde seg på laget vårt, held Dalsøren fram, som saman med CS:GO-utøvar på U19 laget til Metizport, Viktor Skarbø, har stått for opplæringa.


Metizport har store ambisjonar:

– Vi skal kjempe i noregstoppen og skape breidde

Frå den spede byrjinga for to år sidan, og til i dag, har Metizport si satsing for alvor byrja å skyte fart. Med det siktar dei no på å bli ein toppklubb i Noreg og opparbeide eit breiddetilbod for e-sportsinteresserte i regionen.


E-sport-klubben har eit mål om å jobbe med langsiktig rekruttering.

– Vi må alltid vere på jakt etter talent og når vi gjennomføre slike arrangement er det ei fin moglegheit å sondere terrenget etter potensielle spelarar til laget. Dessutan er dette ein fin introduksjon til det vi håpar blir eit stort breiddetilbod med tida, påpeiker Arjan.

Arjan Dalsøren og Viktor Skarbø: Karane i Metizport stilte meir enn gjerne opp.  

Kommunedirektøren skryt av initiativet

Då Vestlandsnytt var innom for å ta temperaturen på arrangementet, var også kommunedirektøren i Herøy, Trond Arne Aglen, til stades. Han var nysgjerrig på initiativet og hadde mange lovord om tiltaket.

– Eg er mektig imponert over desse ungdomane og stolt over kva dei får til. Det blir spennande å sjå kvar arbeidet tek dei vidare.

Aglen legg til at han håper Metizport som eit breiddetilbod slår rot lokalt og at dette er eit tilbod som vil famne om alle som interesserer seg for e-sport, også jenter.

Stas med kommunedirektøren på besøk: Ungdomane synest det var kjekt med besøk frå ein nysgjerrig kommunedirektør. Aglen var svært imponert over initiativet og håper å sjå meir av slike arrangement.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Blir offisiell MOT-arbeidar

Kommunedirektøren hadde eit anna ærend i same slengen. Saman med MOT-koordinator og fritidsklubbansvarleg Mona Grethe Ryssevik var dei begeistra over å kunne innlemme Metizport i MOT-arbeidet.

– Vi står for dei same verdiane som MOT står får. Ein skal tørre å vere seg sjølv, seie kva ein meiner og vere gode forbilde, forklarar Arjan.

Gjennom samarbeidet er det forventa at klubben framover skal jobbe aktivt med å promotere MOT-visjonane, både gjennom verdibasert arbeid og arrangement.

– Det blir fort fleire slike arrangement der vi også vil synleggjere MOT, konkluderer Dalsøren.

Mona Grethe Ryssevik, Arjan Dalsøren og Trond Arne Aglen: MOT-koordinator Mona Grethe Ryssevik og kommunedirektør Trond Arne Aglen var til stades då Metizport signerte kontrakt om å bli MOT-ambassadør.