Fritidsklubben, MOT og ungdomsrådet inviterer til klassefestar: – Ei god kjensle

Å ta igjen «det tapte» etter eit år med sosial nedstenging, er lettare sagt enn gjort. Men på Fritidsklubben i Herøy gjer MOT og ungdomsrådet eit realt forsøk på akkurat det framover.

Liv og røre: MOT arrangerte fleire aktivitetar som skal vere positive for klassemiljøet. – Vårt fokus er at vi skal drive arbeid som gjer at elevane blir kjende med sine klassekameratar som meir enn berre medelevar. Dei skal bli kjende med kvarandre som medmenneske, seier MOTivator Mona Grethe Ryssevik, her i full sving saman med ungdommane. Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr 

Ung

– Det var fole kjekt og gav ei god kjensle. Dette er mi ungdomskjelde.

Det seier Mona Grethe Ryssevik, driftsansvarleg for Fritidsklubben i Herøy. Fredag kveld var ho med på noko ho har lengta lenge etter, både som MOTivator og entusiast for ungdomsaktivitetar i kommunen. Då inviterte nemleg Fritidsklubben inn til klassefest for 8.-klassingar på Stokksund skule. Ungdomsrådet stilte med pizza, kake og saft. MOT stod for aktivitetar.

– Ungdomen fekk sosialisere seg og såg ut til å ha det veldig kjekt. Vi delte ut premiar til tilfeldige gjester, sponsa av fagforbundet i Herøy, Fosnavåg kino og Sunnmørsbadet, forklarar Ryssevik og seier at dei gleder seg til å halde fram med klassefestane.

Klassefest: Fredagane framover blir det fleire klassefestar for ungdomsskuleelevane. Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr  Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

– Skjedd for lite

– Det har skjedd alt for lite for ungdomen i Herøy det siste året og det vil vi prøve å gjere noko med framover. Derfor inviterer vi til klassefestar for ungdomsskuleklasser i Herøy, forklarar Mona.

Denne veka er det 8.-klassingane i Ytre Herøy som får invitasjon.

– Vi startar med 8.-klassingane då vi føler dei fortener det aller mest. Dei starta på ein «annleis» ungdomsskule enn kva andre har vore vane med. For dei har det ikkje vore like lett å byggje klassemiljø og relasjonar på ungdomsskulen, då både kohortar og smittevern har lagt føringar for kva ein kan gjere og ikkje, forklarar Ryssevik.

Etter at 8.-klassingane har vore i aksjon blir det 9.-klassingane som får eigne festar.

Pizza, kake og Saft: For å gjere ekstra stas på ungdomen, spanderte ungdomsrådet pizza, kake og saft på dei frammøtte. Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr  Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Grense på 125 personar

Sjølv om ein inviterer til klassefestar som tek utgangspunkt i skulestilhøyrsle, kan Ryssevik informere om at alle 8.-klassingar i kommunen i utgangspunktet er velkomne. I samråd med smittevernoverlegen har dei fått løyve til å invitere 125. Stokksund- og Møre-åttandeklassingar er med andre ord velkomne også denne fredagen om dei skulle ønskje det, forklarar ho.

– Etter vi har hatt klassefestar blir klubben open som normalt for ungdomsskuleelevar frå Herøy. Vanlegvis er det 13–19 år, no blir det derimot 13–16 år, avsluttar Ryssevik.