Éi av sju i landet:

Juryklassa på Stokksund er med på å kåre "Årets ungdomsbok"

Og viss koronasituasjonen tillèt det, skal dei til Lillehammer for å debattere i «storjuryen» under Norsk litteraturfestival i mai.

Ahmad Hajali, San­dra-Kris­tin Skjønberg, Bra­ge Baa­de Ha­sund og Sel­ma Eide-Stor­øy sy­nest det er kjekt å få vere ein del av stor­ju­r­yen som skal kåre «Årets ung­doms­bok» un­der Norsk lit­te­ra­tur­fes­ti­val i Lillehammer i mai. Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro  Foto: Josefine Spiro

Dei nominerte er
  • «Utbryterne» av Nina Borge
  • «Alene gjennom» av Michael Stilson
  • «Alexander den store» av Peter F. Strassegger
  • «Arvingen» av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug
  • «HØR HER’A!» av Gulraiz Sharif
Ung

– Det er kjekt at ungdom får vere med og bestemme også, seier Brage Baade Hasund då Vestlandsnytt forstyrrar han og tre medelevar midt i ein diskusjon om ei bok dei har lese.

Boka heiter «Alexander den store» og er i grunnen ganske kjedeleg, synest dei.

– Ja, ho gjekk så treigt. Spenninga kom ikkje før heilt mot slutten, seier Sandra-Kristin Skjønberg.

Men sjølv om gruppa synest at akkurat denne boka ikkje var spesielt god, likar dei godt å vere med på Uprisen; ungdommens eiga kåring av årets beste bok.

Kvart år deltek 1000 ungdommar i kåringa, men blant desse har niandeklassingane ved Stokksund skule ei heilt spesiell rolle: Dei er éin av totalt sju klasser i landet som deltek i ein storjury som skal avgjere kven den endelege vinnaren av Uprisen er.

Klasselærar Amalie Torvanger Lied fortel at det var ein tidlegare lærar som fekk i hamn avtalen om at Stokksund skulle representere Møre og Romsdal i kåringa, noko dei har gjort dei siste tre åra. Når denne jury-klassa er ferdig, går det tre år til neste gong vårt fylke er med.

Læ­ra­ra­ne: Mia Wraight og Ama­lie Torv­an­ger Lied.  Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro

Kon­sent­rer­te: Ele­va­ne var «lut­ter øre» un­der hei­le be­sø­ket frå lit­te­ra­tur­kri­ti­ka­ren.  Foto: Josefine Spiro

Tre steg

I fjor haust kunne alle elevar i ungdomsskulealder registrere seg i Uprisen sin database og skrive bokmeldingar. For å sikre at alle aktuelle bøker vart melde, utnemnde Foreningen !les 33 kritikarklasser som fekk tilsendt «anmeldereksemplar» mot å melde bøkene.

I desember vart alle bokmeldingane samla og sendt til nominasjonsjuryen som består av fem elevar i ungdomsskulealder. Dei fem har fått dei prestisjefulle plassane i juryen etter ein søknadsprosess. Nominasjonsjuryen si oppgåve er å nominere fem bøker basert på bokmeldingane. Resultatet vart offentleggjort i midten av januar.

I tredje steg vert dei fem nominerte bøkene sende ut til dei sju juryklassene som til slutt skal avgjere kva som blir Årets ungdomsbok. Juryklassene skal lese og diskutere dei nominerte bøkene grundig.

På eit storjurymøte i Lillehammer, dagen før prisutdelinga, møtest to representantar frå kvar juryklasse og diskuterer seg fram til ein vinnar.

Rett­lei­ing: Oda Big­set As­pe­vik, El­vi­ra Kon­stan­se Syd­ha­gen Dals­øren og Markus Fug­le­dal får hjelp av lit­te­ra­tur­kri­ti­kar Jan­ne Ka­rin Støy­len. 

Får rettleiing av profesjonelle

Då Vestlandsnytt sniker seg inn bakarst i klasserommet denne tysdags morgonen, sit elevane i full konsentrasjon og fylgjer med på ein annan gjest fremst i klasserommet; litteraturkritikar Janne Karin Støylen. Ho er ei av dei som skal hjelpe elevane på vegen mot å vurdere bøkene. I dag skal elevane velje kva kriterium dei meiner skal vere gjeldande når dei vurderer kva bok som fortener årets Upris. I tillegg viser ho dei mellom anna ein video av ein av dei nominerte forfattarane, Gulraiz Sharif, som svarer på spørsmål om arbeide med boka. Etterpå seier ho:

– Den neste halvtimen kan de finne på sju spørsmål til dei andre fire forfattarane. De kan spørje og kva som helst.

Jan­ne Ka­rin Støy­len: Lit­te­ra­tur­kri­ti­ka­ren (mest for ung­doms­bø­ker) vit­ja klas­sen for å hjelpe dei på veg i ar­bei­det med å vur­de­re kva dei mei­ner bør bli «Årets ung­doms­bok».  Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro

Skal lese 1171 sider

Om alt går etter planen, reiser klassen til Lillehammer i slutten av mai. Då skal alle elevane ha lese alle dei fem bøkene, totalt 1171 sider, og ha diskutert seg fram til kva tre bøker dei meiner er best og kvifor.

– Viss dei får reise (atterhald pga. korona), får dei delta på masse gøy på Nordens største litteraturfestival. Mellom anna kan dei få intervjue forfattarar, seier Torvanger Lied.

Ho skal fylgje elevane saman med Mia Wraight, som også er lærar i prosjektet.


Lærte å debattere av litteraturkritikar

Snart klare for storjuryen

Torsdag fekk 9. klasse ved Stokksund skule sitt tredje og siste Upris-besøk før dei skal vere med på å kåre Årets ungdomsbok på litteraturfestivalen på Lillehammer 23. mai.