Ungdomsrådet har planane klare:

Slik blir årets UKM i Sande

Ungdomane i Sande ungdomsråd har vedteke å planlegge ei digital utgåve av årets UKM. Planen er å legge til rette for ei digital sending 27. mars, der ein vil vise innslag frå kreative ungdomar.

Møte i ungdomsrådet: Her ser vi gjengen i Sande ungdomsråd samla til planleggingsmøte på Sande rådhus. F.v.: Marita Beitveit, Margrete Kvamme Rusten, Agathe Skare (leiar i ungdomsrådet), Elin Almestad (kulturkonsulent), Oda Smoge, Susann Worren Hauge (kulturskulerektor), Elias Kleppe og Alvhild Våge. Foto: Sande kommune 

Ung

I ei pressemelding forklarar dei at dei legg opp til fylgjande måtar å delta i UKM 2021:

– Ungdomen kan sjølv produsere ein video og sende inn. Her er det inga avgrensing i kva det kan vere, så det er berre å sleppe laus kreativiteten, skriv arrangørane.

Dei presiserer at det er viktig å fokusere på god lyd når ein skal spele inn tale eller musikk.

– Om du har eit tradisjonelt sceneinnslag, kan du også melde på dette. Sceneinnslaga vert då filma av arrangør i god tid før sendinga. Som alltid er det også høve å melde på kunstinnslag, heiter det vidare.

Meir detaljert informasjon om deltakinga kjem etter kvart, men arrangørane oppmodar ungdomen til å spørje om det er noko de lurer på.


Slik blir UKM i Herøy i år:

Ei storstilt TV-sending!

I år blir UKM i Herøy gjennomført digitalt, men det blir ikkje noko dårlegare av den grunn. Nei, snarare tvert imot. Her blir det TV-studio, fleirkameraproduksjon og heimesnikra videoar.


Påmeldinga er open – håpar på mangfald

Påmeldinga har opna, og det skjer via nettsida til UKM. Så no er det berre for ungdomane i Sande å melde seg på.

– Kreativiteten og deltakinga har vore stor mellom ungdomane i Sande gjennom mange ulike uttrykksformer: musikk, dans, kunst, film, stand up, drill, litteratur og mykje meir, skryt ungdomsrådet.

I tillegg til sceneinnslag, er det som vanleg også mogleg å melde seg på som arrangør og/eller programleiar.

Sande ungdomsråd oppmodar alle som har lyst til å melde seg på.


Kreativt, variert og underhaldande UKM i Sande

Kunst, musikk, dans, skodespel, standup, klappeleik og ein film. Årets UKM i Sande opplevde ikkje berre rekordpåmelding, men hadde truleg også eit av tidenes mest varierte program.


Rekordår i fjor

Fjorårets UKM i Sande opplevde ikkje berre rekordpåmelding, men hadde truleg også eit av tidenes mest varierte program. Dei hadde heile 52 ulike innslag, med 54 involverte. Det er nok ikkje noko overdriving å påstå at Sande er blant dei lokalmønstringane i regionen som engasjerer flest ungdomar sett i forhold til folketal, og det er noko som vi tek av oss hatten for.