Ungdomsrådet med gode samarbeidspartnarar inviterte til hybelbuar-kveld:

– Kjempeflott initiativ

– Det har ikkje vore mange aktivitetar retta spesielt mot dei som bur på hyblar i Herøy, men det er på sin plass at vi gjer litt ekstra for at tilværet skal vere godt for dei skuleelevar som kjem flyttande hit.

Bra tiltak: Gjengen på maritime fag synest det var eit flott initiativ. Framme fv.: Vegard Lillebø, Ådne Lade, Nikolai Stokke og Torbjørn Baade. Bak fv.: Marius Hildre, Knut-Edvin Dale, Sondre Egset, Jonas Vågen, Jahn Oscar Høydal og Arjan Dalsøren 

Ung

Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren, leiar i ungdomsrådet, sit ved inngangsdøraa til Sunnmørsbadet saman med ungdomsrådskoordinator Mona Grethe Ryssevik. Dei hukar av på ei gjesteliste og deler ut badeland-armband til skuleelevar ved Herøy VGS. Snart alle på lista har møtt opp og dei to er nøgde med frammøtet. Frammøte til kva, spør du? Jau, før jul i fjor vart Herøy kåra til årets ungdomskommune i fylket, og fekk i samband med det 11000 kroner frå ordføraren til å bruke på eit valfritt føremål.


Herøy kåra til årets ungdomskommune

På Ungdommens fylkesting (UFT) i Kristiansund fredag vart Herøy utropt til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.




– Vi bestemte oss då for å gjere ekstra stas på hybelbuarane våre i kommunen. Vi har mange som kjem til Herøy for å gå på skule frå nabokommunane, og vi må vise dei litt av kva ein har å tilby av aktivitetar i kommunen, seier Sydhagen.

Ideen blei raskt ein realitet. Saman med Sunnmørsbadet og elevrådet på Herøy vidaregåande skule, fekk dei tromma saman ein «hybelbuar-kveld» med bading og burger-middag på Sunnmørsbadet.

– Vi tenkte det elles kunne vere ekstra viktig å ha fokus på trivselsfremjande tiltak no i desse koronatider. Vidaregåande elevane, og kanskje særs dei som er tilflyttarar, har nok fått kjenne på den sosiale nedstenginga det siste året, forklarar Ryssevik i det ho hukar av nok ein gjest på lista.

Viktig å skape trivsel: Ungdomsrådsleiar Arjan Dalsøren og Mona Grethe Ryssevik ser det som viktig å legge til rette for at tilflyttarar får eit sosialt tilbod også i koronatid.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ungdomsrådet, Moldskred og Zewo Chemicals tok oppryddingsansvar i parken laurdag:

- Det store fleirtalet held ikkje på slik

Etter ein trist episode med tagging rundt om kring i Fosnavåg har no ungdomsrådet i Herøy, Moldskred og Zewo Chemicals bestemt seg for å køyre vaskedugnad i parken.


Takksam hybelgjeng

Inne på badeanlegget møter vi ein kohort som studerer Maritime fag, elevar frå Ålesund til Vanylven. Gutegjengen har funne seg til rette ved bølgjebassenget og boblebadet. Dei skryt av tiltaket.

– Dette er ei kjempeflott initiativ. Det har vore litt lite å gjere for oss hybelbuarar, spesielt no det siste året, så vi takkar for denne gesten, seier Jahn Oscar Høydal, og får stadfestande nikk frå alle rundt seg.

Vi nyttar elles høvet til å spørje gjengen om kva dei trur om å vere hybelbuar i kommunen. Gledeleg nok svarar dei at dei trivst i kommunen og på skulen.

– Det er ei fin plass å gå på skule, men om vi skulle få kome med nokre ønskjer ville nok endå fleire sosiale møteplassar vore tingen. Vi forstår naturleg nok at det er vanskeleg å samle for mange no i desse tider, men like fullt er det viktig å ha det som eit mål, avsluttar Jonas Vågen.