Mange engasjerte Pokémon-trenarar samla seg då Larsnes IL lanserte sitt nye tilbod :

Ny E-sport-satsing i Sande

Larsnes idrottslag har oppretta ei heilt ny gruppe som skal drive med dataspel, eller rettare sagt E-sport. I helga hadde dei LAN-arrangement, gaming-kveld og sin fyrste Pokémon GO-tur.

Fellesskap: Noko av det viktigaste Larsnes IL håpar å bidra med i dataspel-verda er fellesskap. Samstundes håper dei at ein kan bygge opp ein verdibasert spelkultur som elles vert forbinde med andre typar idrett.   Foto: Håkon Vestnes

Ung

– Vi trefte kjempebra med denne satsinga. Alle som var med hadde det utruleg kjekt. Det var heilt suverent.

Det seier Håkon Vestnes til Vestlandsnytt. Han er ein av tre vaksne som sit i styregruppa for Larsnes IL si heilt eigne E-sport-satsing, Sande E-sport. Dei to andre er Silje Ekroll Riborg og Elin Rekdal Skogstad.

– Vi har nettopp starta opp og håper endå fleire vil vere med. Vi er no 34 medlemer, seier Vestnes.

«Gaming» heile helga

Satsinga fekk sin offisielle start fredag kveld. Då inviterte gruppa barn i barneskulealderen til ein gaming-kveld i Larsneshallen. Her vart det rigga til med både PlayStation 4 og Nintendo Switch. Kvelden vart delt opp slik at dei yngste var der tidleg på kvelden, og dei litt eldre seinare på kvelden. Koronapandemien gjer at ein framleis må passe på smittevern og dermed avgrense kor mange som er i kvar gruppe. Dessutan er det lettare med tanke på aldersgrensa på dei forskjellige spela.

Vil prøve å engasjere endå fleire i ungdomsskulealderen

På laurdag var det dei litt eldre ungdommane sin tur, då det var invitert til eit LAN-arrangement. Dei som deltok hadde det kjekt, men potensialet når det kjem til denne aldersgruppa er endå større.

– Vår største utfordring blir å engasjere ungdommen og dei som er over barneskulealderen. Dette er noko vi vil ha fokus på framover, seier Vestnes.

Dei tek i fyrste omgang sikte på å stelle i stand heildags-LAN kvar tredje helg framover for 7.-klasse og oppover.

Mange på pokémon-jakt

Ei elles innhaldsrik helg vart avslutta med pokemonjakt på Larsnes, rundt om i landsbyen. Dette engasjerte fleire barn og er noko idrettslaget tek sikte på å gjere fleire gongar.

– Turane vil primært bli lagt til søndagar, men om det skjer spennande Pokémon-greier andre dagar, kan ein sikkert få i stand ein fellestur også då, seier Vestnes.

Denne typen samlingar vil ikkje ha aldersgrense påpeiker han. Dess fleire ein er, dess lettare er det også å gjennomføre såkalla «Raids», der ein saman kjempar om å fange sjeldne, og kanskje til og med legendariske pokémons.

Ivrige pokémon-trenarar: Aadne Sandanger (i midten bak) frå Sparebanken Møre møtte opp på fyrste Pokémon Go-turen til Sande E-Sport. Banken har støtta oppstarten av tilbodet, og barna er svært takksame for at banken viser velvilje og støttar etableringa. 20 barn gjekk rundt i landsbyen og leita etter Pokémons søndag.   Foto: Håkon Vestnes

Vil engasjere foreldra

Vestnes og gjengen har ikkje mange krava dei stiller for at ein skal få vere med. Minimumskravet idrettslaget stiller er at ein er medlem og betaler ei treningsavgift. Elles må foreldre belage seg på å ein og annan gang stå som vakt på eit arrangement.

– Det trur eg også er bra for foreldra. Det å få eit innblikk inn i spelekvardagen til barna er nyttig og viktig for å skape ein god kultur rundt dataspelinga, seier Vestnes. Han understrekar at spel-erfaring ikkje er nødvendig, og at han håper at dette også kan vere sosialt for dei føresette.

Vil utvikle seg etter kvart

Då E-sportskulturen på Sunnmøre enno er i startgropa, tek Vestnes og co. sikte på at vegen framover vert til litt ettersom ein går. No er hovudfokuset deira i fyrst å etablere seg som ein fullgod lagaktivitet og engasjere barn og ungdom til å bli med. Han seier at folk i heile Sande gjerne må bli med på laget. Det einaste er at ein no vil måtte gjere ekstra tilpassingar med tanke på smittevern.

– Etter kvart håper vi å kunne starte med den meir konkurranseretta spelinga, men det tek vi etter kvart, seier Vestnes.

Han har allereie vore i kontakt med nabokommunane og orientert seg om kva som skjer der på same felt. Metizport, ei E-sport-satsing i Herøy, vert mellom anna trekt fram.

– Det vil bli artig å sjå om vi kan få til eit skikkeleg miljø rundt dette her i regionen. Vi er klare for samarbeid, seier Vestnes.

Takkar banken

Heilt til slutt ønskjer Vestnes på vegner av idrettslaget å rette ei stor takk til Sparebanken Møre. Dei har støtta satsinga med Teft-midlar slik at ein allereie har kunne investere i litt diverse utstyr.