Oppmoding frå Sande ungdomsråd:

Vis vett, også på nett

- Vi er leie av at mange vaksne skriv stygge ting på nett og på sosiale nettverk.
Ung

Vi er leie av at mange vaksne skriv stygge ting på nett og på sosiale nettverk. Det verkar som at ein gløymer at alle kan lese og sjå det som står skrive på Facebook eller i kommentarfelt. Sjølv om vi alle har ulike meiningar, vil vi i ungdomsrådet ha slutt på det vi opplever som mobbing, både av privatpersonar og lokalpolitikarar.

I Noreg har vi ytringsfridom; denne går begge vegar, det er lov å meine, stemme og dessverre også å kalle andre det ein vil. Denne ytringsfridomen, som vi synest heller skulle vere brukt på ein positiv måte for at alle skal få ytre meiningane sine på ein god og sakleg måte, vert totalt misbrukt for å kunne rettferdiggjere det at ein snakkar stygt om andre.

Vi i ungdomsrådet har sett fleire tilfelle på sosiale medium der politikarar og andre som ytrar meiningane sine vert uthengde og kalla stygge ting. Dette synest vi er svært trist. Når vi spør oss sjølve kvar mobbinga i samfunnet kjem frå, kven som får seg sjølve til å gjere slikt mot andre, er det eit spørsmål vi ikkje får noko enkelt svar på. Men det er ikkje er rart at det er mobbing i verda når tanter, onklar, besteforeldre, sysken, foreldre eller venar sit og oppfører seg som dei gjer på nettet. Dei som veks opp i dag kan med eit lett tastetrykk gå inn å sjå kva som vert skrive. Dei ser opp til dei vaksne og vil vere som dykk. Det resulterer ofte i at mobbande foreldre gjerne skapar mobbande ungar. Dette er noko vi meiner vaksne bør halde seg for gode for, for dette er uakseptabelt!

Det er nemleg ikkje slik at ein gøymer seg bak ein skjerm og ingen veit kven du er; det er ikkje slik at ingen kan sjå kva du skriv. Det du skriv ligg ute for heile verda, og kvar einaste person i verda kan gå inn og sjå akkurat din kommentar til denne personen eller dei personane. Det er sånn at vi ein gong må tenkje over kva vi gjer, enten det gjeld på nett eller i verkelegheita. Det hadde nok aldri falle dykk inn å stoppe ein person på open gate og rope «forbanna idiot!» berre fordi du er ueinig i den politikken personen fører eller stemmer på. Då bør det heller ikkje falle deg inn å «rope» slikt på nett.

Vi synest at både dei vaksne og vi ungdommane er nøydde til å skjerpe oss, ta grep, oppføre oss og vere eit godt førebilete for ungane som kjem etter oss. Og når det gjeld nettvett, så er det faktisk slik at ungdomane oppfører seg betre enn mange vaksne. Neste gong du er sint og har lyst til å skrive noko stygt på nettet, så ytre heller meininga di på ein sakleg og god måte. Det er lov å vere sint og ueinig, men stygge kallenamn og «dritslenging» kan vi alle halde oss for gode for.

Med venleg helsing Sande Ungdomsråd, som ynskjer at dei vaksne skal vere gode rollemodellar for borna. Vårt ynskje er at ein kan styrkje forholdet mellom bygdene i kommunen. På denne måten kan vi samle Sande-samfunnet og gjere slik at det er best mogleg å bu i denne kommunen.