Takkediplom til Herøy-elevar

Gunnar Hamnøy i NSP Aid tok denne veka turen til Herøy vgs, for å takke alle dei elevane som tok del i innsamlingsaksjonen ved skulen førre haust.

DIPLOM: Gunnar Hamnøy i NSP Aid med overrekking av takkediplomet som går til alle HVS sine elevar som tok del i innsamlingsaksjonen hausten 2019. Kanutte Kopperstad og Viola Andersson som begge fekk reise til Kenya i oktober 2019, tek i mot diplomet på vegne av HVS.  Foto: Herøy VGS

Ung

Måndag 25.mai fekk Kanutte Kopperstad og Viola Andersson overrekt ein takkediplom frå Gunnar Hamnøy, som eit synleg bevis på den gode innsatsen frå elevane ved HVS.


Mange sterke inntrykk for Viola og Kanutte

– Vi køyrde rett gjennom slummen den dagen vi kom dit. Det var nesten som å få eit slag i trynet. Då tenkte eg: Er det verkeleg slik?


Til saman fekk elevane ved Herøy vgs inn kr.62.554 til NSP Aid sitt prosjekt Malaika Villages i Kenya.

Det er 6 vidaregåande skular på Sunnmøre som er med på dette opplegget; Herøy vgs, Haram, Ålesund, Borgund, Spjelkavik og Ulstein.

Malaika Villages er eit barnelandsby-prosjekt til fattige barn og unge i Kenya, og den første opna sør for Mombasa 29. februar i år. Den neste skal byggast utanfor Nairobi, så snart situasjonen i landet vert opna opp att, og så snart corona-krisa betrar seg.

Elevane ved Herøy vgs og dei andre involverte skulane satsar på å ta del i same prosjekt også skuleåret 2020 & 2021.


Elevrådet ved Herøy VGS engasjerer skulen til stor innsamlingsaksjon ...

Til barnelandsby i Kenya

Etter å ha høyrt om Spjelkavik-baserte North South Partnership Aid (NSP Aid) sin innsats med å bygge barnelandsbyar i Nairobi, ynskjer Herøy VGS å gi ei hjelpande hand til arbeidet. No frir elevane til næringslivet.