Danseelevane filma heimeøving

Laga felles dansevideo

Danseelevane ved Herøy kulturskule har, i likskap med mange andre, fått heimeundervisning via videopptak. No har læraren deira laga ein musikkvideo av heimevideoane.
Ung

– Nokre av elevane sende inn opptak av heimeøving. Veldig kjekt å sjå!

Det skriv danselærar Aina J. Eliassen på si Facebookside, der ho deler ein feel good-video med opptaka. I kommentarfeltet har ho dessutan dela ei lenke til koreografien så folk der heime kan prøve seg sjølve.

For enkelheita si skuld, tek vi med både den ferdige dansevideoen (øvst) og læringsvideoen (under).

Oppgåve: Lær koreografi! from Aina J. Eliassen on Vimeo.