Så mykje får HerøyLAN i ungdomsmidlar frå Ungdomspanelet

Ungdomspanelet har under sitt møte 23. april nok ein gong delt ut 125 000 kroner til ulike tiltak for ungdom i heile Møre og Romsdal. Lokalt ser vi at HerøyLAN er blant dei heldige.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal  Foto: MR-fylke

Ung

Kvart år har Ungdomspanelet 250 000 kroner å dele ut til tiltak for ungdom i fylket, fordelt på to utdelingar kvart halvår. Tilskot som stimulerer ungdoms- engasjement samt alternative ungdomsaktivitetar vert særleg prioriterte. Under ungdomspanelet sitt møte førre veke bestemte ungdomane seg for 12 kandidatar som får sin del av dei 125 000 kronene som vart delt ut no. I vårt nedslagsfelt merkar vi oss at HerøyLAN får ein respektabel sum på 13 000 kroner til innkjøp av nettverksutstyr samt utviding av sitt "Bumperball"-tilbod.

– Veldig engasjerte

– Ut ifrå dei 27 søknadane vi har fått inn ser vi tydeleg at ungdom i Møre og Romsdal er veldig engasjerte, og at mangfaldet er stort. Det er artig å sjå at så mange ønskjer å setje i gang tiltak for unge der dei bor, dessverre er det for oss ikkje mogleg å støtte alle med dei beløpa som blir søkt om. Ungdomspanelet hadde nokre harde diskusjonar for å komme fram til kven som skulle få støtte ved denne utdelinga, men til slutt vart vi samde om å prioritere flotte tiltak som kan gagne mange, og over tid.

Dette seier Urte Karanauskaite, leiar i Ungdomspanelet i ei pressemelding. Av søknadane som kom inn, var det 12 som fekk løyvd midlar. Det totale søknadsbeløpet for var på over 1 million kroner.

Nestleiar Ole August Iversen oppmodar elles i pressemeldinga om at ungdommen nyttar denne moglegheita som dei unge i fylkeskommunen får to gongar i året til å søkje om midlar.

Desse får tildelt midlar:

SøkarSøknadTildelt

Kulturverkstaden Øvingsloftet

Innkjøp av instrument og øvingsutstyr10 000
Ungdomsrådet i HareidUtstyr til ungdomsklubben på Hareid8 650
HerøyLANSøknad om støtte til innkjøp av nettverks utstyr samt utviding av Bumperballs tilbod13 000
Hjørungavåg KFUK-KFUMKjøp av stasjonær lavvo med eldstaden12 300

Molde Svømme- og Livredningsklubb

Materiell til treningsopplegget vårt som ryggstartlist, handpaddles og symjebrett11 000
Gjemnes UngdomsklubbStøtte til fleire arrangement og aktivitetar i ungdomsklubben4 000

Adelaida Temelloso-Røsok

Gi trening i sjøen for barnehagebarn og barneskolebarn5 000
DNT RomsdalSkredkurs og skredutstyr for ungdom4 500

Elevråd ved MoldeVideregående Skole

Innkjøp av biljardbord, bordtennis, kortstokkar og sjakkbrett – fritidstilbod for elevar10 030
Rensvik PaintballklubbBygging av paintballbane i Sødalen på Frei20 000
Grimshøgda 4HPakke med 11 hengekøyer, 11 underlag og 7 tarp (4x3 meter)15 000
KambaMusikk Musikkutstyr11 520