Spørsmål om korona?

Hald deg oppdatert på vestlandsnytt.no

Noreg er i unntakstilstand, og vi har fått kvardagen vår snudd på hovudet. Sjeldan har informasjonsbehovet vore like stort som no.
Ung

Mange av dykk har kanskje allereie lasta ned vår nye Vestlandsnytt-app, der vi oppdaterer dykk med siste nytt frå Herøy og Sande. Det gjeld også korona-situasjonen. Vi informerer fortløpande om kor mange som er smitta lokalt, om nokon kjem på sjukehus og om eventuelle regelendringar i samband med denne vanskelege situasjonen. Desse sakene finn du ikkje under UNG-fana, men på hovudsida til vestlandsnytt.no. Dei viktige sakene er gratis for alle.

Siste nytt: Slik ser nyheitsappen vår ut. Du finn han på App Store og Google Play.  Foto: Skjermdump


Heilt ny Vestlandsnytt-app

No er det mogleg å laste ned vår heilt nye Vestlandsnytt-app. Den gjer det endå enklare å halde seg oppdatert på dei siste, lokale nyheitene i Herøy, Sande og på Ytre Søre.


Dele tankar og videoar?

Med stengde skular og kulturskular, stengde idrettsarenaer og anbefaling om å ikkje samlast fleire enn fem personar (gjeld ikkje familie), vert mange tilnærma isolerte. Det kan vi tenkje oss at mange av dykk synest er veldig vanskeleg. Korleis har du det eigentleg? Kanskje du vil fortelje oss litt om kva du styrer med for tida? Eller kanskje du har ei meining om det som skjer i samfunnet vårt no? Kva er dei negative/positive sidene ved heile denne absurde situasjonen? Skriv til oss: ung@vestlandsnytt.no

Nokre vert skikkelege kreative av å knapt kunne gå ut. Vi veit til dømes at det i Kina har blomstra opp med morosame heimevideoar laga av folk i karantene. Har du laga noko artig? Del det gjerne med oss!

Har du spørsmål?

Vi kan tenkje oss at mange av dykk har spørsmål. Send dei gjerne til oss på e-post (ung@vestlandsnytt.no) eller snap (#vnyttung), så vil vi prøve å finne svar. Desse publiserer vi i ein eigen spørsmål- og svarartikkel her på UNG-sida.