Margrete Kvamme Rusten:

"Øyane må bli tekne på alvor!"

Margrete Kvamme Rusten, ungdomsskuleelev ved Kvamsøy oppvekstsenter, har forfatta dette innlegget:

Skribenten: Margrete Kvammen Rusten, ungdomsskuleelev ved Kvamsøy oppvekstsenter. 

Ung

Lite er tilrettelagt for at ungdommen skal bli på Kvamsøy og Sandsøy. Bussruter og ferjeruter er sjeldan lagt opp slik at ein kan kome seg frå ein stad til ein annan utan å måtte ha panikk for at bussen køyrer frå deg, rett framfor auga dine. Dette gjer det særs vanskeleg for dei vidaregåande elevane som har lyst til å pendle, eller generelt for folk som berre vil kome seg rundt om i fylket.

Ferjerutene er ikkje berre eit stort problem blant ungdom, men også blant dei vaksne. Dersom ein skal reise frå øya, må ein planlegge i god tid før. Ferjene går omtrent kvar andre time i vekedagane, og på laurdagar går det ikkje ferje mellom klokka 12.30 og 16.30. Dette er galskap! Korleis hadde dei i landsbyen reagert dersom Dragskaret var stengt i same tidsrom? Det hadde vorte oppstyr.

Med eit fastlandssamband hadde mange problem vore løyste. Folket på øyane hadde fått eit friare val på når dei vil forlate øya og når dei vil kome att. Det hadde vore enklare for dei unge å ha eit større miljø på fritida saman med resten av ungdomane i kommunen, og éin skule for heile Sande hadde kanskje vore eit godt alternativ. Å leggje ned skulane på øyane er i alle fall ikkje noko godt alternativ slik som stoda er no. Folk hadde flytta frå øyane, og fleirtalet hadde nok ikkje flytta nokon annan stad i kommunen. Dette hadde ført til at kommunen hadde mista mange innbyggjarar. Er det verkeleg det dei som styrer kommunen vil?

Øysamfunnet her i ytre Sande har eit flott naturrike med ei rekkje ulike turistattraksjonar som Dollsteinhola, gravrøyser, bunkersar og Kongarthurspelet. Mange av desse attraksjonane hadde gått i gløymeboka dersom øyane hadde vorte fråflytta. Er det dette som er målet? No er det på tide at øyane vert tatt på alvor!