Slik gjorde dei det Klassequizen

Ingen av dei to laga frå Herøy og Sande gjekk vidare til fylkesfinalen, men dei skal ha for innsatsen!

YHU-laget: Sondre Alstad Steinsvik, Lydia Alexandra Åsberg, Sofie Vågsholm Rooney og programleiar Roar Halten. 

Ung

24. og 25. februar gjekk Klassequizen-sendingane med Gursken oppvekstsenter og Ytre Herøy ungdomssenter på lufta på NRK P1. Såleis er det no avslørt for alle korleis dei to lokale laga gjorde det i den landsomfattande konkurransen.

8 poeng til YHU

Laget til Ytre Herøy ungdomsskule klarte seg nokså godt, med ein score på åtte av 12 moglege poeng.

5 poeng til Gursken

Laget frå Gursken var ikkje like heldige med sine fem poeng.

– Vi kunne meir enn vi fekk vist, sa dei til Vestlandsnytt etter NRK-besøket 11. februar, noko underteikna også la merke til.



12 poeng til Ulstein

Onsdag vart det klart at laget til Ulstein vidaregåande skule, Niels Leenders, Johanne Orvik og Edvard Roppen, er det første i Møre og Romsdal som har fått full pott i Klassequizen. Dei deltek i fylkesfinalen i Ålesund 11. mars.