Jenny (17) er fylkesvinnar i kokke-NM for skuleelevar

– Gøy å setje på CV-en

Nesten kvar dag imponerer Jenny Nerem Reite (17) familien sin med spennande middagsrettar. No har ho også vunne ein fagjury sin gunst – og skal til Tønsberg på noregsmeisterskap.

Fyl­kes­vin­nar: 2. april reiser Jenny Ne­rem Rei­te (17) ved Restaurant- og mat­fag på Her­øy vi­da­re­gå­an­de sku­le til Tøns­berg for å kon­kur­re­re i WorldSkills sitt sku­le-NM for VG2-kokke­ele­var.  Foto: Josefine Spiro

Ung

– Eg har alltid likt å lage mat, men eg har blitt meir og meir interessert etter at eg byrja på kokkelinja. Vi får vere med på så utruleg mykje spennande, fortel Jenny.

Og det var mellom anna erfaringane frå «alt dette spennande» som gjorde at ho bestemte seg for å prøve seg i WorldSkills sitt skule-NM 2020 for kokkeelevar.

– Eg har positiv erfaring frå då eg var med på TINE MatCup, og så tenkte eg at det var fint å ha dette på CV-en, seier ho.

Etter ein intern konkurranse mellom tre av kokkeelevane i klassa på Herøy VGS for eit par veker sidan, vart det avgjort at Jenny skulle få delta på fylkesmeisterskapet på Fræna vgs. onsdag denne veka.

Oppgåva

Hovudretten skulle innehalde lyr. Elles kunne deltakaren plukke fritt frå ei råvareliste og bruke dei sånn som dei ville. Til dessert skulle dei lage ei valfri terte.

– Til hovudrett laga eg pannesteikt lyr med kvitvinsaus, glasert gulrotband, sitronbakte persillerøter og fritert lauk. Desserten var ei sitronterte med marengs, fortel Jenny.

Ho veit enno ikkje om ho kjem til å lage den same retten på NM-finalen i april. Det vert nemleg knapt med tid til å øve før den tid, fordi heile mars går med til å jobbe på ein ekte restaurant. Det kjem vi tilbake til.

Ho­vud­ret­ten: Pan­ne­steikt lyr med kvitvinsaus, gla­sert gul­rot­band, sit­ron­bak­te per­sil­le­rø­ter og fri­tert lauk.  Foto: @DENHARDEKJERNE2KO

– Anbefaler kokkelinja

Jenny har hatt interesse for matlaging så lenge ho kan hugse. Den første lærdomen fekk ho frå si eiga mor og mormor. Men då ho byrja på kokkelinja, eskalerte interessa ytterlegare.

– Det vi lærer her er meir spennande; ein får sjå heilt andre sider ved matlaging. Til dømes kan du gjere veldig mykje meir med poteter enn berre å koke dei, sånn som det gjerne blir til heime, seier ho.

Men kunnskapen Jenny tileignar seg på skulen er ikkje einaste grunn til at ho trivst så godt på Restaurant- og matfag.

– Vi får vere med på så mykje gøy. Mellom anna var vi på Klippfiskakademiet, der vi var med på å utvikle nye rettar som kan gjere klippfisk populært igjen, seier ho.

Elles har klassa levert mat til arrangement som «tarefest» og «eldrefest».

Noko av det beste med yrkesfag er likevel at elevane har mykje utplassering og såleis kjem fort ut i arbeidslivet, synest Jenny.

Des­ser­ten: Sitronterte med ma­rengs.  Foto: @DENHARDEKJERNE2KO

Til Bergen og Ålesund

I mars skal heile klassa på utplassering i ulike bedrifter rundt om i landet. Sjølv skal Jenny jobbe to veker på Restaurant 1877 i Bergen og to veker på Bro restaurant i Ålesund. Desse vekene vert viktige for ho.

– Utplasseringa er på ein måte ein slags jobbsøknad til læreplass seinare, seier Jenny.

Viktig er også skule-NM i Tønsberg 21. og 22. april. Vi ønskjer henne lukke til!