Eit kjempearrangement

Nedteljinga til UKM hadde starta då vi tok turen til Breidablik.

UKM Sande: Her er konferansierane til laurdagens storhending: Christina Skarmyr Beitveit (t.v.) og Viola Andersson. Vi håpar det kjem mykje folk, seier jentene. 

Ung

I salen er det plassert stolar i ein stor ring. Det er duka for workshop framfor årets UKM. Tysdag og torsdag denne veka stiller ein rimeleg stor gjeng med ungdomar opp i arbeidsgrupper som skal førebu årets store kulturarrangement.

Samarbeid fleire vegar

Til stades er også Håkon Vestnes frå Gamlebanken Scene, som UKM har alliert seg med. UKM har i år fått 10.000 kr i midlar til workshop. Vestnes er i sving med å informere både om utstyret og kva som skal til med scene, rigg, lys og lyd for å gjennomføre eit slikt arrangement.

Håkon fortel: Gamlebanken Scene ved Håkon Vestnes orienterer om kva som skal skje på workshop.  Foto: Endre Vorren

To UKM-veteranar

Vi slår av ein prat med komande laurdags konferansierar, 17-åringane Christina S. Beitveit og Viola Andersson.

Begge kan reknast som UKM-veteranar. Dei har vore med på ulike typar oppdrag og innslag i UKM i mange år. Også i fjor var det konferansierar.

– UKM er viktig for ungdomane i Sande. Det er også samlande og sosialt. Her er det mange fine oppgåver også utanom det å stille med eigne innslag, seier Christina og Viola.

Begge sit i ungdomsrådet. Dei meiner bestemt at ungdomsrådet gjennom PR og oppsøkjande verksemd spelar ei viktig rolle i å rekruttere deltakarar og halde oppe den store interessa som er for UKM i Sande.

Kvamsøy-ungdom: Malene Ristesund frå Kvamsøya og Mathias Myskja frå Haugsholmen er på plass.  Foto: Endre Vorren

Stor breidde, mange innslag

Tysdag kveld kunne dei fortelje til Vestlandsnytt at det fram til då var påmeldt 52 ulike innslag til årets UKM, med 54 involverte.

Fleire av desse er påmelde med ulike oppgåver som arrangørar. Men det er sjølvsagt mange sceneinnslag med musikk og dans, ei rekkje utstillingar og meir til. Alt saman med ungdomar som trekkjer i trådane, for at det skal bli eit knirkefritt arrangement.

– Vi sit og førebur presentasjonen av deltakarane. Litt tek vi gjerne på sparket undervegs i showet, men hovudtrekka er det greitt å ha klart på førehand, seier konferansierane.

Avslutningsvis nyttar Beitveit og Andersson høvet til å ynskje folk velkomne til UKM komande laurdag.

– Her vert det mykje flott å sjå og høyre på. Vi håpar og trur det vert ein super kveld, der det også er lagt inn ein matpause midt i programmet, seier jentene.

På plass er sjølvsagt også kommunen sin koordinator inn mot UKM, kulturkonsulent Elin Almestad. Det same er kulturskulerektor Susann Worren Hauge. UKM i Sande har ein fin tradisjon med samarbeid med kulturskulen.

– Vi vil rose samarbeidet vi har med Gamlebanken Scene og kor godt det er lagt til rette på Breidablik. Vi har mellom dei aller beste forholda som finst for å gjennomføre eit slikt arrangement, skryter Elin og Susann.