Når blir det opning av UFO i Herøy?

Herøy Høgre og Tine Storøy er utolmodige.

TINE STOR­ØY: Høg­re-lei­a­ren mei­ner det nye ung­doms­til­bo­det er svært vik­tig.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Ung

Det er mange som er spente på det nye ungdomstilbodet UFO i Herøy. Kommunestyret gjekk som kjent samrøystes inn for å løyve pengar til tilbodet frå januar 2020.

I eit spørsmål til ordførar Bjørn Prytz (Ap) i forkant av denne vekas kommunestyremøte slår Tine Storøy fast at for ho og Herøy Høgre var UFO ei av partiet sine store hjartesaker under kommunevalet hausten 2019. Storøy presiserer at målet har vore å få ungdomsfritidsordninga på plass snarast, både i indre og ytre Herøy.

– Men kva har skjedd vidare med dette vedtaket? Pengane er avsett frå januar 2020. Herøy Høgre er svært utolmodige og vil få dette viktige tilbodet på plass no, skriv Storøy i spørsmålet til Prytz.

Ho ber ordføraren om å gi ein grundig gjennomgang av kva som er gjort, samt legge fram ein framdriftsplan fram til opning av UFO i Herøy, når kommunestyret samlast torsdag ettermiddag.

– Fleirtalsvedtak må følgast opp, og vi forventar at denne viktige saka får prioritet no, skriv Storøy avslutningsvis.

UFO skal etter planen etablerast ved Herøy kulturhus, og seinare ved Stokksund skule.