Klart for klassequiz i Gursken

10. klasse, kontaktlærarar og einingsleiar ved Gursken oppvekstsenter inviterer alle elevar og tilsette ved skulen, foreldre, bygdefolk og andre interesserte til klassequiz komande tysdag føremiddag.

KLARE: I Gursken er dei klare for klassequiz.  Foto: Gursken oppvekstsenter

Ung

Klassequizen er NRKs nasjonale kunnskapskonkurranse for 10.-klassingar. I år kjempar 39 skular frå Møre og Romsdal om å gå vidare til landsfinalane i Oslo.

Det blir skikkeleg stemning på skulen når 10. klasse skal svare på spørsmåla i konkurransen.

Møt opp og støtt 10. klasse denne dagen.

Sendinga kjem på lokalradioen P1 måndag 24.02.20 kl. 14.30.