Desse skal representere Herøy under fylkes-UKM

Juryen kan no avsløre kven av deltakarane frå UKM i Herøy som skal representere kommunen under fylkes-UKM i Kristiansund 3.-5.mai.

Frode Andre Johansen (19) spela ein japansk pianomelodi, «Flower dance» av DJ Okawari.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ung

Tre innslag er valt ut til å representere Herøy. Fyrst ut er pianisten Frode Andre Johansen (18). På framifrå vis framførte han ein japansk melodi, «Flower Dance», av DJ Okawari under lokalmønstringa på laurdag.


Stor bildeserie frå UKM i Herøy

Laurdag var det tid for UKM i Herøy. Her kan de sjå bilete av alle deltakarane.


Dei neste som får reise til Kristiansund er Emilia Moen Karlsen (16) og Frida Leonora Storøy (16). Dei er valt ut etter å ha imponert med ein eigen-koreografert dans til songen "Waves" av Dean Lewis.

Emilia Moen Karlsen (16) og Frida Leonora Storøy (16) hadde koreografert ein dans til songen Waves av Dean Lewis.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Den siste som får ta følgje til fylkes-UKM er Frida Eiksund (18). Ho framførte ein vakker og kjensleladd verson av songen «Creep».

Frida Eiksund (18) deltok for fyrste gang på UKM med sangen «Creep».   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik