Sandsøy-elevar med ny musikkvideo

Kjempar for skulen med eigen song

Desse elevane ved Sandsøy skule har laga song og musikkvideo om skulen sin.

Ung

I songen, som har melodien til "Hall of Fame" av The Script, fortel elevane om kva dei likar med Sandsøya og oppmodar til kamp for å halde på skulen sin.

Songteksta

(Forsiktig gjeve att av underteikna, som kanskje ikkje fekk med seg alt)


Vi kan gå til bingen, der har vi det gøy

Vi kan invitere fra ei anna øy

Vi kan treffe venner utan å ta bil

Og her kan du sykle over ei mil

Vi kan gå på turar, møte mange smil

Eller du kan trene i anlegget til SIL

Vi kan gå på kino eller på fest

For vi har jo Dollstun, huset som er best


Ref: Velkommen til Sandsøya

Her vil livet ditt bli bra

Vi står på for skulen vår

Den har levert i mange år

Vi.... trange kår


Du kan stikke og fiske

Du kan få ei sei

Du kan fiske hummar helt til du blir lei

Nedi Dollsteinhola finne du ein skatt

Der nede er det ingenting som skille dag og natt

Alle driv og snakka om å legge ned

La no skulen vår få vere heilt i fred

Her har vi det godt og her ute vil vi bli

Gi oss den respekten, gi oss meire tid


Ref: Vi er på toppen av Sandsøya,

Og alt det fine vi kan sjå herfra

Gir oss ro i sjela, du blir glad

Vi står på toppen av øyna


Vi må kjempe, vi må kjempe, vi må kjempe, vi må kjempe for øya vår


Bli tøff, bli stolt, vær kry, gi alt

Vær klok, tenk smart, kjør hardt, full fart

Bli tøff, bli stolt, vær kry, gi alt

Vær klok, tenk smart, kjør hardt, full fart


Ref: Vi står på toppen av Sandsøya,

Og alt det fine vi kan sjå herfra

Gir oss ro i sjela, du blir glad

Vi står på toppen av øyna