Klassequizen 2020

Neste månad skal tre skular frå vårt område delta i konkurransen om å bli kåra til fylkets smartaste tiandeklassingar.

Quizmeistrar i 2018: Desse glupingane frå YHU vart fylkesmeistrar i 2018. F.v. Martine Myran, Viljar Myren og Even Aurvoll Berge.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Ung

Denne veka går Klassequizen 2020 av stabelen i Møre og Romsdal. Av dei 38 skulane (10. klassar) som deltek i år, er tre frå vårt område: Gursken oppvekstsenter, Ytre Herøy ungdomsskule og Møre barne- og ungdomsskule.

Nytt av året er at kvar skule får besøk av einmannsshowet Roar Halten. Han skal skape liv for alle om har lyst til å sjå på Klassequizen live. Både resten av elevane på skulen og lokalbefolkninga er inviterte til å kome og sjå på, heiter det ei pressemelding.

Gursken får besøk tysdag 11. februar, YHU får besøk onsdag 12. februar, og Møre får besøk torsdag 13. februar. Opptaka som vert gjort desse dagane er del av dei innleiande rundane i Møre og Romsdal og vert sende på NRK P1 høvesvis 21. februar, 24. februar og 27. februar.

Den lokale fylkesfinalen vert halden i Ålesund 11. mars. Der vert det kåra to fylkesvinnarar, og begge desse laga vinn 5000 kroner til klassekassa, i tillegg til at dei skal vidare til finalar i Oslo.

YHU vart i 2018 kåra til fylkesvinnar, saman med Halsa barne- og ungdomsskole.

Quizmaster: Roar Halten  Foto: Pressefoto