2.-plass i UNG-skrivekonkurransen:

«Det var ei natt»

Vi presenterer 2.-plassen i årets UNG-skrivekonkurranse: Diktet «Det var ei natt» av Arseni Skobelev (15) frå Sandsøy.

Arseni Skobelev: Han går i 10. klasse på Sandsøy oppvekstsenter og skreiv dette diktet som ei skuleoppgåve.  Foto: Privat

Ung

Han sprang.

Det regna.

Sterk vind,

Nesten storm.

Han visste ikkje kvar han skulle, men han sprang.

Han visste at det var viktig.

Alle visste at det var viktig.


Det var mørkt.

Han høyrde lyn og torden rundt han.

Han fokuserte ikkje særleg på det.

Det var vel ikkje viktig.

Han sa ikkje eit ord.

Det var heller ikkje viktig.

Han måtte fokusere på å springe,

og ikkje tenke undervegs.


Det er fleire som har tatt denne vegen før han.

Fleire millionar.

Kanskje milliardar?

Nokre gongar ser han lys.

Det er dagane.

Dei er fine.

Dei gir oss gode tankar og får oss til å smile.


Det er dei positive delane av vegen vår.

Nokre har fleire dagar enn andre.

Det er alltid ein dag i byrjinga.

Det er fødselen.


Han har ikkje mange dagar, men alle har minst ein.

Det er nokre som ikkje har fleire dagar.

Det er ikkje alltid vi som bestemmer talet på dagane vi får.

Vi må hugse å sette pris på dei, for ingen veit når det er slutt.


Ein møter fleire menneske i løpet av sin veg.

Nokre om nettene.

Nokre om dagane.

Nokre er positive,

andre ikkje.


Vegen tek slutt i ei natt.

Han kan ikkje gå lenger no.

Det er ikkje natt berre for han.

Det er natt for alle då.

Natt for alle som han har møtt i løpet av sin veg.

Alle som kjente han.

Alle som var glade i han.

Mørket kom til slutt.

Det er alltid mørket som vinn over lys.

Grunngjeving

Dette poetiske diktet gir først inntrykk av å skildre noko heilt konkret, nemleg ei fysisk flukt. Etter kvart som vi les, og tolkar innhaldet, skjønar vi elles at dette handlar om psykologi. Diktet er absolutt ope for tolking. Vi i redaksjonen får assosiasjonar til både «kvardagssjag» og depresjon, som er aktuelle tema i samtida. Kanskje ligg der noko anna bak. Uansett er dette eit dikt som set i gang ein kjensleflaum og vekker ettertanke.