Emma (15) vann vår skrivekonkurranse

Emma Moltu Sundgot (15) frå Fosnavåg stakk av med sigeren i Vestlandsnytt sin skrivekonkurranse for ungdom i alderen 11–18 år.

Vinnaren: Emma Moltu Sundgot frå Fosnavåg. Foto: Josefine Spiro 

Ung

Grunngjeving

Novella «Jeg er en buss» handlar om ei reise, der bussturen er ein metafor for livet. Passasjerar kjem på og går av, nokre betyr meir enn andre. Forfattaren skildrar, på ein reflektert, poetisk og vakker måte, nokre av dei kjenslemessige utfordringane som ofte kan oppstå i livet, sett frå ein ungdom sin ståstad.

Historia er godt skriven, med eit detaljert og biletleg språk, som gjer at ein lett vert riven med. Mange kan nok kjenne seg igjen i noko av det som vert skildra.


Jeg er en buss

Jeg er som en buss. Helt siden jeg starta motoren på bussen, har jeg hatt passasjerer


Vart overraska

Då Vestlandsnytt skulle fortelje Emma at ho hadde vunne i går, hadde ho enno ikkje stått opp. Difor var det mora som fekk bere fram nyheita.

– Ho vekte meg og sa: «Du har vunne». «Oi, serr?». Eg tenkte at det alt var kåra ein vinnar, så eg vart veldig overraska og glad, fortel Emma, som straks ringde heile familien for å fortelje dei gode nyheitene.

Personleg

Novella var eigentleg ei skuleoppgåve, der elevane skulle skrive ein tekst inspirert av Linn Skåber sin monolog «Jeg er et rekkehus» i boka «Til ungdommen». Emma sin tekst er personleg om hennar eige liv.

– Eg skreiv litt på skulen, men gjorde teksten ferdig heime, for eg likte å skrive den og ville få den ned på papiret. Læraren min sa at eg burde sende den inn, seier Emma, som går i 10. klasse på Ytre Herøy ungdomsskule.

Ho fortel at å skrive er noko ho først og fremst gjer på skulen, men at ho har blitt meir interessert det siste halvåret. At ho no har vunne årets UNG-skrivekonkurranse, inspirerer henne dessutan til å skrive meir.

Fleire kjem på trykk

I tillegg til å få bidraget sitt på trykk, vinn Emma 2000 kroner.

Vi har også kåra ein 2. og 3.-plass. Desse vil bli offentleggjorde og få bidraga sine på trykk på eit seinare tidspunkt.