Kommunane skal sikre ein inkluderande fritidsarena

Kva tilbod gir Herøy og Sande ungdomane?

Medan Herøy satsar mykje på ungdomane sine, er Sande sine tilbod heller avgrensa. Sjå kva kommunane svara på spørsmål om korleis dei sikrar ein inkluderande fritidsarena for barn og unge.
Ung

I førre utgåve av UNG skreiv vi ein artikkel om at alle barn og unge etter lova har rett på kvile, leik og fritid. Og ifølgje Fritidserklæringen, har alle barn og unge dessutan rett til å delta på fritidsaktivitetar uansett kven dei er eller kor god økonomi familien har. Men ifølgje ein rapport Redd Barna har laga, varierer det veldig kor mykje norske kommunar gjer for å sikre at alle barn og unge får delta. Vi sjekka korleis det står til i Herøy og Sande. Svara har vi fått av høvesvis folkehelsekoordinator Tanja Rafteseth i Herøy og rådmann Trond Arne Aglen i Sande.

Trond Arne Ag­len: Råd­mann i Sande kom­mu­ne. Ar­kiv­fo­to: End­re Vor­ren  Foto: Endre Vorren

Transport

Ein føresetnad for at barn og unge skal kunne delta på ulike fritidsaktivitetar er gjerne skyss, enten i form av busstransport eller ved at nokon køyrer. Det siste er for mange ingen sjølvfølge.

I både Herøy og Sande er det FRAM/Fylkeskommunen som driftar transporttilbodet. Ungdom under 22 år kan reise uavgrensa innan fylket med buss, hurtigbåt og ferje for 400 kr/md. Det hjelper elles lite viss bussen ikkje går ...

I Herøy har dei også tilbodet FRAM Flexx til 50 kr per person per retning. Turen går berre når nokon har bestilt, og bestillingane vil bli samordna. Barn til og med 16 år reiser gratis i følge med ein vaksen, inntil to barn per vaksen. Tilbodet kan også nyttast av dei med nedsett funksjonsevne. Du kan lese meir om tilbodet på FRAM sine heimesider.

I Sande har Ungdomsrådet delteke på møte med fylkeskommunen ang. transporttilbodet, som dei meiner er altfor dårleg. Fylket har berre delvis imøtekome innspela.

– Der er ikkje tilrettelagt for skyssordning til vgs. for ungdommar på Kvamsøy og Sandsøy. I høve til fritidsaktivitetar, er ein avhengig av at foreldre køyrer til og frå, seier rådmann Aglen.

Ein plass å vere

Har barn og unge plassar å møtast i nærmiljøet som er gratis og ikkje krev påmelding?

I Herøy er der både ein del organiserte og uorganiserte møtestadar.

– I Fosnavåg vert mellom anna hotellet, biblioteket, kulturhuset og badeland nytta. Fritidsklubben er open på fredagskveldane, og i kyrkja er det Fredagstreffet kvar fredag. Coop Tjørvåg og Moltu har lagt til rette møtestad med sitjeplassar. Her møtest ungdommar også, seier Rafteseth.

Tan­ja Raf­te­seth: Fol­ke­hel­se­ko­or­di­na­tor i Her­øy kom­mu­ne. Ar­kiv­fo­to: Bjørn­ar T. Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

I Herøy vert det i 2020 etablert eit nytt tilbod, UFO (ungdomsfritidsordning) på Fritids- klubben. Meininga er at denne då skal halde ope på kvardagar, etter skuletid, i tillegg til fredagskveldane. På sikt er planen at tilbodet også skal etablerast i Stokksund.

I Sande finst der ingen fritidstilbod som ikkje krev påmelding eller medlemskap. Der er heller ingen kommunale møteplassar.

Tilrettelegging

Har barn og unge med nedsett funksjonsevne blitt inviterte til å kartlegge korleis dei opplever forholda i sin kommune? Har dei innverknad på utforming av aktivitets- og transporttilbodet som finst?

I Herøy er barn og unge med funksjonshemmingar representerte gjennom Råd for funksjonshemma. Dette rådet samarbeider tett med kommunen og har ein eigen person som deltek i alle kommunale prosjekt.

I Sande er det ukjent for rådmannen korleis det ligg an på dette feltet.

Prestasjonspress

Er der plassar og aktivitetar der barn og unge kan møtast på tvers av alder og kjønn, som ikkje er prega av konkurranse mellom dei som deltek?

I Herøy finst der både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

– Eg kan nemne 4H og speidaren, som Herøy har fleire lag av. I tillegg har vi klatreparken (6-100 år) og ein god del utbygde ballbingar rundt om i bygdene. Også ein del av anlegga, som til dømes skateparken og tennisbanen og volleyballbanen, kan nyttast både som konkurranse– og leikeaktivitet, seier Rafteseth.

I Sande er der, ifølgje rådmannen, fleire tilbod i regi av ulike lag og organisasjonar, men det går ikkje fram av det skriftlege svaret til Vestlandsnytt kva type tilbod det er snakk om.

Ting på gang i Sande

Per dags dato er tilboda for Sande-ungdommen heller avgrensa, men der er kanskje lys i tunnelen. For kort tid sidan vart det vedteke at det skal bli tilsett ein ungdomsarbeidar i 50 % stilling i Sande kommune. Ei anna gledeleg nyheit er at kommunen får éin million kroner i statlege midlar til oppfølging av barn og ungdom i 2020 og 2021.

Josefine Spiro