Manglar berre éin ting

Jentene har fått treningstid i Larsneshallen, men er forhindra frå å kome i gang.

Initiativtakarar: Oda Smoge og Andrine Strandbø. 

Ung

I førre UNG-utgåve skreiv vi om Andrine Strandbø og Oda Smoge som ville starte eige handballag på Larsnes. No er dei nesten i mål med å realisere draumen, men dei manglar noko vesentleg.


Vil starte handballag på Larsnes:

– Vi har tenkt på alt

I dag må barn og unge i Sande som ønskjer å spele handball reise langt av stad for å trene. Det vil Andrine Strandbø (14) og Oda Smoge (14) ha ein slutt på.


– Vi har ikkje fått tak i nokon trenar. Vi håper sjølvsat at nokon har lyst til å trene oss frivillig, men viss ingen vil gjere, så blir det kanskje til at vi betalar litt for jobben, seier Andrine.

12 jenter

Ifølgje larsnesingen, har no 12 jenter i alderen 13-15 år sagt at dei vil vere med å spele.

– Vi er frå Larsnes, Haugsbygda og Gjerdsvika, seier ho.

Har fått treningstid

Jentene har vore i kontakt med leiar Båd Dalen i Larsnes idrettslag.

– Vi har fått tilgang på hallen på onsdagar og fredagar, så vi må berre hente nøkkelen.

Men først treng dei altså ein trenar - eller i det minste ein vaksen som kan vere med under treningane. Veit du om nokon som kan passe?