Barn og unge har rett på kvile, leik og fritid

Får alle delta?

Ifølgje Fritidserklæringen har alle barn og unge rett til å delta på fritidsaktivitetar, uansett kven dei er eller kor god økonomi familien har. Får dei ikkje det, kan utestenging og isolasjon vere ein direkte konsekvens.

Emilie Hansen: 20-åringen frå Herøy er aktuell med Redd Barna sin kampanje: «Får alle barn og unde delta».   Foto: Privat

Ung

Det går fram i rapporten «Får alle barn og unge delta?» av Redd Barna. Organisasjonen har nemleg gjort ei undersøking av kva norske kommunar gjer for å sikre ein inkluderande fritidsarena.

– Å kunne delta på ein fritidsaktivitet gjer ikkje nødvendigvis at livet ditt plutseleg forvandlast til eit vidunderleg og fengande eventyr, men det set det som kan vere vanskeleg i kvardagen på vent. Det etablerer ein fristad. ein plass du kan vere deg sjølv, få venner og utvikle evner og interesser, heiter det mellom anna i rapporten.

Då Vestlandsnytt kontakta Redd Barna for å høyre om Herøy og Sande var med i undersøkinga, fekk vi vite at våre kommunar ikkje var blitt spurde fordi ingen av dei hadde søkt på Bufdir (barne-, ungdoms, og familiedirektoratet) si tilskotsordning til inkludering av barn i familiar med låg inntekt. Denne potten er på om lag 300 millionar kroner i året!

Sidan ingen av kommunane var med i undersøkinga, sende vi mail til rådmennene med dei same spørsmåla som Redd Barna stilte i undersøkinga. Vi har ikkje fått svar frå Herøy kommune endå, og vil difor presentere svara i ei seinare utgåve av Vestlandsnytt UNG.

Herøyværing i kampanje

Det var Emilie Hansen (20) frå Herøy som gjorde oss merksame på den nemnde rapporten. Ho dukka nemleg opp i ein kampanjevideo for Redd Barna på sosiale media.

– Eg har vore ungdomsambassadør for dei. No er eg for gammal til det, men dei brukar meg framleis som ein ressurs av og til, fortel ho.

I det siste har ho vore synleg i kampanjen om barn sin rett til kvile, leik og fritid.

I 2016 fekk vi Fritidserklæringen, som var signert av mellom andre regjeringa og ei rekkje frivillige organisasjonar. I denne forpliktar dei seg til å jobbe for å innfri barnekonvensjonens artikkel 31 om alle barn sin rett til kvile, leik og fritid, og å delta i kunst og kulturliv. For å realisere dette, skal dei saman syte for at alle barn og ungdom i Noreg skal få delta på minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av kor mykje pengar familien har.

– Fritidsaktivitetar er dyrt, både kontigentar og utstyr. Når det gjeld utstyr, så har nesten fire av fem kommunar ei gratis utlånsordning for utstyr. Men dei er berre opne på dagtid og på kvardagar. Då er barn på skule og vaksne på jobb, seier Emilie i kampanjevideoen.

Du kan sjå videoen her.


- Det er gøy å sjå at det er blitt kult å vere her

Den sis­te tida har om lag 100 ung­dom­mar vore in­nom Fri­tids­klub­ben i Her­øy kvar einaste fre­dag. Det er ik­kje utan grunn.


Fattige barn i Herøy og Sande

På barnefattigdom.no (Bufdir) kan vi lese at 139 barn under 18 år i Herøy (8 prosent) og 39 barn i Sande (9,5 prosent) budde i hushaldningar med vedvarande låg inntekt i 2017. Nyare tal finst ikkje. I Herøy budde 64 av desse med einslege foreldre, 70 av barna budde med personar utan jobb, og 78 av barna var frå andre land eller hadde foreldre frå andre land.

I Sande budde 26 av dei 39 barna med einslege foreldre, 19 budde med personar utan jobb, og 30 av barna var frå andre land eller hadde foreldre frå andre land.

Nesten alle har fritidsklubb

Nesten alle kommunane i undersøkinga har svart at dei har ein fritidsklubb. Det har ein også i Herøy (den kan du lese om her).


– Ikkje alle har plass til å vere heime, ikkje alle har lyst til å spele fotball i skolegarden, og ikkje alle har råd til å dra på kafé med vennene sine kvar gong dei har lyst til å finne på noko. Ungdomsklubbar er ein grunnmur i mange barn sine liv. Klubbane opererer som eit knutepunkt der barn og unge kan møte nye venner og trygge vaksenpersonar. Ein plass der viktigheita av løna til foreldra dine minimerast. Karakterpress og tankar om andre sine forventningar til deg kan også bli mindre, kanskje forsvinne heilt, heiter det i rapporten.

Kva med transport?

Ifølgje Redd Barna, fortel berre éin av sju kommunar at dei har tiltak for at barn og unge faktisk skal kome seg til fritidsaktiviteten. Kva då med dei som ikkje kan bli kjørt? Eller der bussen ikkje går? Denne problemstillinga er det nok mange som kjenner seg igjen i her ute i distriktet.

Stina Eiet Hamberg i Redd Barna seier at ei løysing barn og unge snakkar om er at transporttilbodet må bli utforma i samarbeid med barn og unge.

– Det kan vere eigne aktivitetsbussar, eller iallfall at ein sikrar at der går ein buss om kvelden. Og så må ein tilpasse transporttilbodet til barn med nedsett funksjonsevne, understrekar ho.

Laga av Redd barna  Foto: Redd Barna