Sigve Storøy Hermansen: Han er på Fritidsklubben stort sett kvar fredag.  Foto: Josefine Spiro

- Denne klubben er utruleg bra!

Den sis­te tida har om lag 100 ung­dom­mar vore in­nom Fri­tids­klub­ben i Her­øy kvar einaste fre­dag. Det er ik­kje utan grunn.

Vi vert litt over­ras­ka i det vi trak­kar over dør­ters­ke­len til Fri­tids­klub­ben i kjel­la­ren til Her­øy kul­tur­hus. Der er det nem­leg jul, med dun­kel be­lys­ning, ju­le­stjer­ne og små ju­le­lys i ta­ket. Men det ra­ras­te er kan­skje at to­na­ne frå Anne Gre­te Preus sin «Når hele him­me­len fal­ler ned» strøy­mer ut frå høg­ta­la­ra­ne. Det er no ik­kje ak­ku­rat «ung­doms­mu­sikk»? Jo då, i dag så.

– I dag vil dei ha ju­le­stem­ning, smi­ler Fri­tids­klub­ben-an­svar­leg Ka­ro­li­ne Vels­vik Sivertsen.

Julestemning  Foto: Josefine Spiro

Der er ik­kje no­kon på «dan­se­gol­vet» nett no, men det er for­di klok­ka har pas­sert 21.00, så hal­len er blitt opna, og den er spe­si­elt po­pu­lær.


Ik­kje alle er i hal­len for å spe­le. Bor­ti­mot dei fles­te sit fak­tisk på tri­bu­nen og «chillar».  Foto: Josefine Spiro

– Har du sett doen? Den er stolt­hei­ta vår, utbryt plut­se­leg Ka­ro­li­ne, og vi­ser veg til to­a­let­ta. Veg­ga­ne der inne er pry­da med bil­de av den nors­ke kon­ge­fa­mi­lien.

Do­veg­gen er Fritidsklubben sin "stltheit", ifølgje Karoline Velsvik Sivertsen. Den er inspirert av ute­d­oa­ne i gam­le da­gar, då veggane gjerne var dekorerte med bilde av kongelege.  Foto: Josefine Spiro

Po­pu­lært

På eit av dei man­ge opp­halds­rom­ma i klubb­lo­ka­la, finn vi ein gjeng av­slap­pa ung­dom­mar frå YHU og Stokk­sund sku­le.

«Hjar­te­rom­met»: Vi måt­te skru på tak­ly­set for å ta bil­de, men van­leg­vis er det­te rom­met, også kalla «kli­ne­rom­met», berre svakt opp­lyst av ein rosa, hjar­te­for­ma lam­pe på veg­gen. No­kre let kal­le­nam­net kome til sin rett, andre – som des­se – slap­par berre av med prat. Frå venst­re: Sig­ve Stor­øy Her­man­sen, Sa­rah Vio­na Wil­nes, Elias Sandvik, Tobias Røn­ne­stad, Emma Berge og Aron Warholm.  Foto: Josefine Spiro

– Kva sy­nest de om Fri­tids­klub­ben, spør vi.

– Det er den bes­te plas­sen på jord, mei­ner Sig­ve Stor­øy Her­man­sen, og det ser fak­tisk ut som han mei­ner det.

Han for­kla­rer kvi­for:

– Det er så ko­se­leg her. Med ein gong du kjem inn døra, så er det no­kon som sei­er: «Hei, Sig­ve!». Her kjen­ner eg meg vel­kom­men. Du kan sit­je på Hjar­te­rom­met – og her kan du berre kysse og kli­ne og slap­pe av – el­ler du kan spe­le fot­ball oppe, el­ler sjå på andre som spe­lar, og høy­re på mu­sikk. Mu­sik­ken her er heilt topp …

Og medan Sig­ve skrav­lar glad og for­nøgd, re­gi­stre­rer vi at det no er «Selmas sang» frå Snø­fall som gir gjen­klang mel­lom veg­ga­ne. Det var ver­ke­leg ik­kje det­te vi had­de for­ven­ta …

Sig­ve held fram:

– Per­so­na­let er heilt topp, fol­ket her er heilt topp, du kan spe­le FIFA viss du or­kar det … ALT! Her er in­gen­ting å ut­set­je på noko! Eg er her kvar fre­dag.

Ki­osk: Fre­dag var det «Mot til å gle­de-da­gen», så då byd­de ki­os­ken på gra­tis vaf­lar, ka­ker og pe­par­ka­ker. El­les får ung­do­ma­ne som van­leg kjøpt taco-ba­get­tar, brus og andre god­sa­ker. Frå venst­re: Flit­tig bru­kar av Fri­tids­klub­ben Sig­ve Stor­øy Her­man­sen, til­sett Ing­vill Sævik Bjør­ne­set og leiar Ka­ro­li­ne Vels­vik Sivertsen.  Foto: Josefine Spiro

Spel­rom­met: Her spe­lar ung­dom­ma­ne FIFA på stor­skjerm.  Foto: Josefine Spiro

Opp mot 100 in­nom

Og det er han nep­pe ålei­ne om. Iføl­gje Ka­ro­li­ne har der vore om lag 100 ung­dom­mar in­nom kvar einaste fre­dag den sis­te tida. Dei kjem ik­kje berre frå hei­le Her­øy, men også frå Sande, Ul­stein og Har­eid. Spe­si­elt man­ge kjem når Fri­tids­klub­ben ar­ran­ge­rer Natt­cup om lag fire gon­gar i året.

Men kva er det som gjer Fri­tids­klub­ben så po­pu­lær?

– Eg veit ik­kje heilt, men eg trur folk kjen­ner seg tryg­ge her. Og så er vi som job­bar her gans­ke unge. Ung­dom­ma­ne veit at dei kan prate med oss viss det er noko, for­tel Ka­ro­li­ne.

Ak­ti­vi­tets­rom: Her finn du bil­jard, bord­ten­nis og bord-fot­ball­spel.  Foto: Josefine Spiro

– Ver­kar fø­re­byg­gan­de

På «si­de­lin­ja» oppe i id­retts­hal­len finn vi Mathias Løv­øy (17) og Simon Vold­sund (18). Dei er to av man­ge til­set­te ved Fri­tids­klub­ben.

På vakt: Mathias Løv­øy (17) og Simon Vold­sund (18) er to av man­ge til­set­te ved Fri­tids­klub­ben. Kvar veke er der minst fire per­so­nar på jobb, der minst to er over 18 år gam­le.  Foto: Josefine Spiro

– Vi er all­tid iall­fall fire på jobb sam­ti­dig, og minst to av dei fire er over 18 år, for­tel dei.

Man­ge av dei til­set­te er også med i Her­øy ung­doms­råd.

Gu­ta­ne har berre po­si­tivt å seie om Fri­tids­klub­ben.

– Det er gøy å sjå at det er blitt kult å vere her. Her har klub­ben hatt ei bratt kur­ve, og det har mykje med dei til­set­te å gje­re, sei­er Simon.

– Ung­dom­ma­ne får fri­dom, sam­ti­dig som her er trygg­leik. Det er mykje bet­re at folk sam­last her, som er rus­fritt, enn at dei stikk på ein ålei­ne heime-fest, sei­er Mathias.

Dei to trur at Fri­tids­klub­ben i stor grad er med på å fø­re­byg­ge at ungdom byr­jar med al­ko­hol og nar­ko­ti­ka.

– Den­ne klub­ben er utru­leg bra.



Barn og unge har rett på kvile, leik og fritid

Får alle delta?

Ifølgje Fritidserklæringen har alle barn og unge rett til å delta på fritidsaktivitetar, uansett kven dei er eller kor god økonomi familien har. Får dei ikkje det, kan utestenging og isolasjon vere ein direkte konsekvens.