Vil starte handballag på Larsnes:

– Vi har tenkt på alt

I dag må barn og unge i Sande som ønskjer å spele handball reise langt av stad for å trene. Det vil Andrine Strandbø (14) og Oda Smoge (14) ha ein slutt på.

Vil sar­te hand­ballag: Den nye id­retts­hal­len på Larsens er godt til­ret­te­lagt for hand­ball­tre­ning. Oda Smo­ge (14) og And­ri­ne Strand­bø (14) treng berre eit lag å spe­le på.  Foto: Josefine Spiro

Vi vil heite LGG, som står for Larsnes, Gjerdsvika og Gursken

Ung

– Her har vi alt vi treng for å spele handball – både oppmerking, mål og ball, seier dei to jentene frå Larsnes.

Og dei har heilt rett. Idrettshallen ved sida av Larsnes oppvekstsenter er heilt ideell for handballtrening.

– Vi er veldig handballinteresserte, og sjølv reiser eg av og til heilt til Fosnavåg for å sjå venner spele. Det er også der dei frå Gjerdsvika spelar. Men eg kan ikkje vere med sjølv, for det er 45 minutt å køyre kvar veg, seier Andrine.

– Men vi spelar ofte handball i gymtimane på skulen. Det er gøy, seier Oda.

Veit om fleire som vil

Jentene seier dei veit om iallfall ti 14–15 år gamle jenter i Larsnes-Gursken-området som dei trur vil vere med å danne eit handballag. I tillegg vil dei gjerne ha med spelarar frå Gjerdsvika og dessutan frå Kvamsøy og Sandsøy.

– Vi vil heite LGG, som står for Larsnes, Gjerdsvika og Gursken, smiler jentene.


Oda Smoge (14) og Andrine Strandbø (14) i Larsneshallen.  Foto: Josefine Spiro

Treng trenar og sponsorar

Ifølgje jentene er alt dei treng for å starte eit handballag på Larsnes ein trenar som kan setje av eit par kveldar i veka til dei og nokre sponsorar som kan syte for mellom anna treningskle og anna naudsynt utstyr.

– Vi har allereie tenkt på sponsorar, og vi veit om ein trenar på Larsnes. Det første vi må gjere er å spørje henne om ho vil, seier dei.

Vestlandsnytt lukkast ikkje i å få tak i den handball-dyktige personen då vi prøvde å ringe ho torsdag ettermiddag.

Har tenkt mykje

Jentene ser ikkje føre seg å spele kampar i Larsnes-hallen, då han ikkje er dimensjonert for dette, men trening går heilt fint.

– Dessutan kan vi ikkje byrje å spele kampar med ein gong. Vi må trene oss opp først, seier Andrine.

Ja, jentene har tenkt på alt, endåtil drakter:

– Dei skal vere svarte.